Evangeliet etter Lukas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Byrjinga av Lukas-evangeliet på gresk i eit bysantinsk manuskript frå rundt 1020.

Evangeliet etter Lukas er eit av dei synoptiske evangelia og er i den kanoniske rekkefølgja den tredje boka i Det nye testamentet. Boka inneheld mellom anna Juleevangeliet.

Både språklege og teologiske fellestrekk viser at Lukas-evangeliet (Luk) og Apostegjerningane Apg har same forfattar. Evangelisten Lukas vert symbolsk framstilt som ein okse med eller utan venger.

Datering[endre | endre wikiteksten]

Som for dei tre andre evangelia er dateringa av Lukas-evangeliet usikker. Ho er avhengig av dateringa av Markus-evangeliet, som Lukas kan ha brukt som kjelde, og av Apostelgjerningane, som er skrivne etter evangelieteksten som eit framhald til denne. I vanleg historisk-kritisk bibelforsking vert Markus-evangeliet datert til ca. år 70 e.Kr., og Apostelgjerningane til eit år mellom 80 og 100 e.Kr.. Evangeliet etter Lukas må då ha vore skrive i tidsrommet 75-100 e.Kr. Etter ein meir konservativ tradisjon vert evangeliet datert til åra 40-60 e.Kr.

Evangelisten Lukas. Miniatyr frå Reichenau frå rundt 1000.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Som for dei andre evangelieskrifta er også opphavsmannen til Lukas-evangeliet ukjend. Det er ikkje heilt korrekt å kalle han «forfattar». Skrivande redaktør er ei rettare skildring av rolla hans, slik han sjølv skriv i innleiingsversa: «Mange har freista å skriva opp det som hende hjå oss, slik vi har fått det oppgjeve av dei som frå fyrste stund var augnevitne - - - eg har sett meg føre at eg vil skrive det opp for deg i samanheng.»

«Det er alt mange som har teke seg til aa setja upp ei fraasegn um dei hendingarne som hev gjenge fyre seg hjaa oss, so som dei hev bore det fram dei som fraa fyrsten var augnevitne og ærendesveinar aat ordet. Difor hev eg og sett meg fyre at eg vilde granska alt vel fraa grunnen, og so skriva det upp aat deg, gjævaste Teofilus - , stykke for stykke, soleis som det heng saman, so du kann sjaa kor truverdig ho er den soga som du hev høyrt.»
Luk 1,1-4 (Studentmaalaget si bibelumsetjing, 1921

Opphavsmannen hevder altså ikkje sjølv å vere augnevitne, men å vere ein formidlar av eksisterande overleveringar. I følgje tradisjonen er opphavsmannen lækjaren Lukas, som mellom anna er nemnd i Kol 4.14. Tradisjonen vert styrkt av det lærde språket i evangeliet, og at dedikasjonen i innleiingsversa har fellestrekk med medisinske læreboker frå oldtida. Men desse trekka har evangeliet òg til felles med historiebøker frå oldtida, og mange vil karakterisere forfattaren som ein historikar - ein som gjer greie for hendingane slik dei har skjedd.


Innhald[endre | endre wikiteksten]

  • Innleiing kap 1: 1-4
  • Forteljingar om Jesu barndom kap 1:5 - 2:52
    • Døyparen Johannes skal bli fødd 1:5 - 1:25
    • Bodskapen til Maria 1:26 - 1:38
    • Maria og Elisabet 1:39 - 1:46
    • Marias lovsong 1:47 - 1:56
    • Johannes blir fødd 1:57 - 1:67
    • Sakarjas lovsong 1:68 - 1:80
    • Jesus blir fødd 2:1 - 2:20
    • Jesus får namn 2:21
    • Jesus blir boren fram i tempelet 2:22 - 2:28
    • Simeons lovsong 2:29 - 2:40
    • Jesus som tolvåring i tempelet 2:41 - 2:52
  • Jesus gjerningar vert førebudd kap 3:1 - 4:13
    • Døyparen Johannes står fram 3:1 - 3:20
    • Jesus blir døypt 3:21 - 3:22
    • Jesu ættetavle 3:23 - 3:38
    • Jesus blir freista 4:1 - 4:13
  • Jesus i Galilea kap 4:14 - 9:50
    • Jesus i synagogen i Nasaret 4:14 - 4:30
    • Ein dag i Kapernaum 4:31 - 4:42
    • Peters fiskefangst 5:1 - 5:11
    • Den spedalske mannen 5:12 - 5:16
    • Den lamme mannen 5:17 - 5:26
    • Jesus kallar Levi 5:27 - 5:28
    • Fest og faste 5:29 - 5:39
    • Jesus og sabbaten 6:1 - 6:11
    • Jesus kallar dei tolv apostlane 6:12 - 6:16
    • Jesus forkynner og lækjer 6:17 - 6:20
    • Slettepreika 6:20 – 6:49
      • Sæle og usæle
      • Elsk fiendane dykkar!
      • Døm ikkje!
      • Treet og fruktene
      • Huset bygd på fjell
    • Offiseren i Kapernaum 7:1 - 7:10
    • Jesus vekkjer opp sonen til enkja i Nain 7:11 - 7:17
    • Jesus svarar døyparen Johannes 7:18 - 7:23
    • Jesus vitnar om Johannes 7:24 - 7:35
    • Kvinna som fekk syndene sine tilgjevne 7:36 - 7:50
    • Kvinner som følgde Jesus 8:1 - 8:3
    • Likninga om såmannen 8:4 - 8:15
    • Likninga om oljelampa 8:16 - 8:18
    • Jesu sanne skyldfolk 8:19 - 8:21
    • Jesus stiller stormen 8:22 - 8:25
    • Mannen frå gravholene 8:26 - 8:39
    • Dotter til Jairus og kvinna som rørte ved Jesu kappe 8:40 - 8:56
    • Jesus sender ut apostlane 9:1 - 9:6
    • Herodes spør om Jesus 9:7 - 9:9
    • Jesus mettar fem tusen 9:10 - 9:17
    • Peter vedkjenner seg si tru, og Jesus talar om at han skal døy og stå opp att 9:18 - 9:22
    • Å følgja Jesus 9:23 - 9:27
    • Disiplane får sjå Jesu herlegdom 9.28 - 9:36
    • Jesus lækjer ein gut med ei vond ånd 9:37 - 9:43
    • Jesus talar igjen om at han skal lida og døy 9:43 - 9:45
    • Kven er den største? 9:46 - 9:48
    • For eller imot 9:49 - 9:50
  • Reisa til Jerusalem kap 9:51 - 19:28
    • Jesus og samaritanane 9:51 - 9:56
    • Jesus krev alt 9:57 - 9:62
    • Jesus sender ut dei syttito 10:1 - 10:12
    • Verop over byar i Galilea 10:13 - 10:16
    • Dei syttito kjem tilbake 10:17 - 10:20
    • Kven Sonen er 10:21 - 10:24
    • Den miskunnsame samaritanen 10:25 - 10:37
    • Jesus hos Marta og Maria 10:38 - 10:42
    • Jesus lærer disiplane å be 11:1 - 11:13
    • Jesu makt over vonde ånder 11:14 - 11:28
    • Ei vond ætt krev teikn 11:29 - 11:32
    • Lampa og auget 11:33 - 11:36
    • Mot dei skriftlærde og farisearane 11:37 - 11:54
    • Modig vedkjenning 12:1 - 12:12
    • Likninga om den rike bonden 12:13 - 12:21
    • Ver ikkje urolege! 12:22 - 12:34
    • Ver førebudde når Menneskesonen kjem! 12:35 - 12:48
    • Ikkje fred, men strid 12:49 -12:53
    • Å tyda tida 12:54 - 12:59
    • Vend om! 13:1 - 13:5
    • Fikentreet som ikkje bar frukt 13:6 - 13:9
    • Jesus lækjer ei kvinne på sabbaten' 13:10 - 13:17
    • Likningane om sennepsfrøet og surdeigen 13:18 - 13:21
    • Den tronge døra 13:22 - 13:30
    • Jesus og Herodes 13:31 - 13:22
    • Klage over Jerusalem 13:34 -13:35
    • Å lækja på sabbaten 14:1 - 14:6
    • Den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt 14:7 - 14:14
    • Det store gjestebodet 14:15 - 14:24
    • Kva det kostar å vera ein disippel 14:25 - 14:35
    • Likningane om sauen, mynten og sønene 15:1 - 15:32
    • Likninga om forvaltaren som handla klokt 16:1 - 16:13
    • Lova og Guds rike 16:14 - 16:18
    • Likninga om den rike mannen og Lasarus 16:19 - 16:31
    • Forføring og tilgjeving 17:1 - 17:4
    • Tru og teneste 17:5 - 17:10
    • Den takksame samaritanen 17:11 - 17:19
    • Når Guds rike kjem 17:20 - 17:37
    • Likninga om enkja og dommaren 18:1 - 18:8
    • Likninga om farisearen og tollaren 18:9 - 18:14
    • Jesus og borna 18:15 - 18:17
    • Jesus og den rike mannen 18:18 - 30
    • Jesus talar tredje gongen om at han skal døy og stå opp att 18:31 - 34
    • Den blinde mannen ved Jeriko 18:35 - 18:43
    • Sakkeus 19:1 - 19:10
    • Likninga om punda 19:11 - 19:27
  • Jesus i Jerusalem kap 19:28 - 21:38
    • Jesus rid inn i Jerusalem 19:28 - 19:40
    • Jesus græt over Jerusalem 19:41 - 19:44
    • Tempelet skal vera eit bønehus 19:45 - 19:47
    • Jesu fullmakt 20:1 - 20:8
    • Likninga om vinbøndene og arvingen 20:9 - 20:19
    • Er det rett å svara skatt til keisaren? 20:20 - 20:26
    • Oppstoda frå dei døde 20:27 - 20:40
    • Kven Messias er 20:41 - 20:44
    • Åtvaring mot dei skriftlærde 20:45 - 20:47
    • Den fattige enkja som gav 21:1 - 21:4
    • Jesus talar om tidene som skal koma 21:5 - 21:38
  • Jesu liding og død kap 22:1 - 23:56
    • Samansverjing mot Jesus 22:1 - 22:6
    • Det siste måltidet 22:6 - 22:13
    • Nattverden 22:14 - 22:23
    • Avskilsord til dei tolv 22:24 - 22:38
    • I Getsemane' 22:39 - 22:46
    • Jesus blir teken til fange 22:47 - 22:53
    • Peter fornektar Jesus 22:54 - 22:62
    • Jesus for Det høge rådet 22:63 - 22:71
    • Jesus for Pilatus 23:1 - 23:7
    • Jesus for Herodes 23:8 - 23:12
    • Pilatus feller dommen 23:13 - 23:25
    • Jesus blir krossfest 23:26 - 23:43
    • Jesus døyr 23:44 - 23:49
    • Jesus blir gravlagd 23:50 - 23:55
  • Oppstoda kap 24:1-53
    • Jesus står opp 24:1 - 24:12
    • Jesus syner seg for Emmaus-vandrarane 24:13 - 24:35
    • Jesus syner seg for læresveinane 24:36 - 23:43
    • Oppdrag og avskil 24:44 - 24:53




Karakteristikk[endre | endre wikiteksten]

Den språklege stilen er lærd. Jesu liding, død og oppstode står i sentrum. Formålet er å fortelje historia om Guds frelsande handlingar på ein måte som overtyder mottakaren slik at han trur det han høyrer eller les. Han fortel ei historie som Guds plan; eit drama med Jesus Kristus og læresveinane hans i sentrum. Guds plan er skandaløs – Jesus er stadig i selskap med samfunnets utskot, slike som tollaren Sakkeus (Luk 19,1-10). Kvinner har ei viktig rolle som disiplar, han omtaler til og med ei profetkvinne (Luk 2,36). Skandalens høgdepunkt er avrettinga av hovudpersonen, Guds son, som utstøytt og vanhelga.

Lukas tar i sitt evangelium med dei fleste av dei forteljingane som finst i Markus-evangeliet, men føyer til ein del nytt materiale, blant anna forteljinga om Jesu fødsel, det såkalla Juleevangeliet (Luk 2,1–20).

«Nei, nar du gjer gjestebod, so bed fatige, kryplingar, halte, blinde! Daa vert du sæl; for dei hev ingen ting aa gjeva deg att, men du faar lika for det naar dei rettferdige stend upp att.»

Luk 14,13-14 (Studentmaallaget si bibelumsetjing, 1921)

Ifølgje bibelforskarar er det truleg at Lukas hadde to skriftlege kjelder, dels Markusevangeliet, dels ei tapt samling med jesusord, som vert kalla Q-kjelda. Andre forskarar har påstått at Lukas gir kvinner ei meir sentral rolle i historiene enn dei andre evangelistane.[1] Forskarane er også samde om at Lukasevangeliet mest truleg er skrive i eit gresk miljø.[2]

Målgruppe[endre | endre wikiteksten]

Forfattaren stiller skriftet til Teofilus – eit gresk namn som tyder «den som elskar Gud». Dette kan forståast på to måtar: Det kan vere ein mann ved namn Teofilus (som ikkje var uvanleg), eller det kan forståast symbolsk; at Teofilus er eit akronym som omfattar alle dei som vil ta imot bodskapen skriftet ber med seg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Evangeliet etter Lukas

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. [1], Women in the synoptic gospels
  2. [2], Who Really Wrote the Gospels, and Why Should We Care?