Evenkia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Evenkijskij avtonomnyj okrug
(før 1. januar 2007)  
Evenkia sitt flagg
 
Evenkia sitt flagg  
Evenkia på kartet over Russland
Hovudstad Tura
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 4.

767 600 km²
Ukjent

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 88.

ca. 17 300 (2006)
ca. 0,02/km²

Føderalt distrikt Sibir
Økonomisk region Aust-Sibir
Regionsnummer 88
Offisielt språk Russisk
Guvernør Boris Zolotarjov
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +0700

Evenkia (russisk Эвенкийский автономный округ) var fram til 1. januar 2007 eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland. Evenkia var del av Krasnojarsk kraj, men samstundes eit av dei 88 føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden var Tura, arealet var 767 600 km² og innbyggjartalet var 17 300 (2006). Frå 1. januar 2007 er Evenkia ein vanleg rajon (kommune) i Krasnojarsk kraj. Folketalet i 2010 var gått ned til 16 300.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Evenkia er det minst tettbygde området i Russland og er mindre tettbygd enn Grønland. På eit område om lag like stort som Noreg og Sverige til saman bur det om lag like mange menneske som på Stord. Evenkia ligg i den sentrale delen av den sibirske vidda. Det høgaste punktet er fjellet Kamen (1701 m.o.h.). Store område i nord har permafrost, men om lag 80 % av området er taiga. Middeltemperaturen i januar er -34 grader celsius, i juli +15 grader celsius.

Reindrift er ein utbreidd leveveg. Ein håpar å utvikla oljeverksemd og turisme.

Jernbane eller vegar finst praktisk talt ikkje. Kommunikasjonsmiddel er hovudsakleg elvebåt, fly eller reinsdyr.

Demografi og etnisk samansetjing[endre | endre wikiteksten]

Folketalet i 2002 var på 17 697. Av desse var det (i folketeljinga frå 2002) representantar frå 67 etniske grupper, m.a. 10958 russarar (62 %), 3802 evenkar (21,5 %) 991 jakutar (5.6%), 550 ukrainarar (3.1%), 211 ketar (1.2%), 162 tatarar (0.91%), 152 khakassar (0.86%), 127 volgatyskarar (0.72%) og så vidare.

Som andre autonome okrugar var Evenkia bygd opp rundt ein minoritet, i dette tilfelle evenkane, som snakkar evenkisk, eit tungusisk språk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Evenkia har vore del av Russland sidan 1600-talet. Både i tsar-tida og sovjet-tida var det fangeleirar for politiske fangar her. 30. juni 1908 var Evenkia åstad for ein av dei største naturlege eksplosjonane på jorda i moderne tid. Eit område på over 3000 km² med skog vart lagt flatt etter ein eksplosjon på mellom 10 og 15 megatonn, forårsaka av ein meteoritt. Området er så øde at den første ekspedisjonen ikkje nådde fram til eksplosjonsstaden før i 1927.

Det autonome området vart oppretta i 1930. Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart Evenkia eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen, men òg framleis del av Krasnojarsk kraj. Sidan 2001 er Boris Zolotarjov guvernør i Evenkia. 17. april 2005 vart det vedtatt i ei folkerøysting at Evenkia, saman med Tajmyr skulle slåast saman med Krasnojarsk kraj. Dette skjedde 1. januar 2007.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Den russiske folketeljinga i 2010 på russisk