Evertsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°8′2.2380″N 13°57′58.932″E Evertsberg er ein svensk tettstad i Älvdalens kommun i Dalarnas län i landskapet Dalarna. I 2005 hadde tettstaden 285 innbyggjarar. Evertsberg ligg cirka tolv kilometer sørvest for Älvdalen. Staden er blitt kjend for at den fjerde av kontrollene under Vasaloppet finn stad her. Innbyggjarane her talar dialekten älvdalska.

Evertsberg ligg i ein gammal jordbruks- og skogbruksbygd og har eit gammalt kapell – Evertsbergs kapell.

I Evertsberg, som ligg midt mellom Berga by og Mora, står det ein portal der den raskaste rennaren til Evertsberg i kvart Vasalopp mottar den såkalla bergprisen («bergspriset»). «Vasaloppsteinen» ved den gamle skulen er ein sandsteinblokk, der namnet på alle vinnarane av bergspriset sidan 1970 er hogd inn.

I 1539 blei namnet skrive Æffuidzbergh. Det kjem truleg av det gamle mannsnamnet Övid.

Kjende personar frå Evertsberg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]