Everybody Knows This is Nowhere

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Everybody Knows This Is Nowhere
Studioalbum av Neil Young med Crazy Horse
Språk engelsk
Utgjeve 14. mai 1969
Innspelt Januar og mars 1969
Studio Wally Heider Recording i Hollywood i California
Sjanger
Lengd 40:29
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, David Briggs
Neil Young-kronologi 
Neil Young
(1968)
Everybody Knows This Is Nowhere After the Gold Rush
(1970)


Singlar frå Everybody Knows This Is Nowhere
  1. «Down by the River»
    Utgjeve: 14. mai 1969
  2. «Cinnamon Girl»
    Utgjeve: 20. april 1970

Everybody Knows This Is Nowhere er det andre soloalbumet til den kanadiske musikaren Neil Young og det første der han er akkompagnert av Crazy Horse. Albumet kom ut i mai 1969, berre fire månader etter det første, og var nesten heilt motsett av det polerte debutalbumet. Albumet nådde 34. plassen på den amerikanske Billboard 200 og låg 98 veker inne på lista frå august 1970.[3] Albumet har selt til platinaplate i USA.

Albumet er med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[4] I 2003 vart albumet rangert på 208. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Albumet[endre | endre wikiteksten]

Albumet inneheld fire songar som er blitt mykje spelte på konsertane til Young: «Cinnamon Girl», «Down by the River», tittelsporet og «Cowgirl in the Sand», som alle vart skrivne same dagen då Young hadde 39,5 °C i feber.[5] Solovokalsporet til Young på songen «Everybody Knows This Is Nowhere» (på originalalbumet) var faktisk berre ei skisse han song gjennom ein kommandomikrofon av dårleg kvalitet på eit miksebord, utan effektar som klang. Young likte den nakne kontrasten til resten av innspelinga, som vart ein av dei mange nyskapingane hans.

Eit par av songane, som «Round and Round (It Won't Be Long)» og «The Losing End (When You're On)», har ein liknande country-folk-stil som på debuten, men songane var generelt meir livlege og meir sjølvsikre.[6] Albumet vart produsert av Neil Young og David Briggs. Songane vart med vilje gjort enkle, og tekstane er meir tankevekkjande enn komplette og var høvande til å henge lange improvisasjonar på. Både «Down by the River» og «Cowgirls in the Sand» er kring 9-10 minuttar lange. Young song i eit lågare register enn på debutplata og høyrdest òg meir sjølvsikker ut.[6] Med seg hadde han Danny Whitten på harmonivokal, og på «Round and Round» hadde han òg med seg Robin Lane.

Everybody Knows This Is Nowhere vart ommastra og gjeve ut på HDCD og digitalt format den 14. juli 2009, som ein del av Neil Young Archives Original Release Series. Han kom ut på ein audiofil vinyl i desember 2009, både som eige album og som ein del av ein plateboks med dei fire første platene til Young via den offisielle nettsida hans. Boksen var avgrensa til 1000 eksemplar, og det kom òg ei CD-utgåve av boksen avgrensa til 3000 eksemplar.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[7]
Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[8]
Music Story4.5/5 stars[8]
MusicHound Rock5/5[8]
Pitchfork10/10[9]
Rolling Stone4/5 stars[10]
The Rolling Stone Record Guide5/5 stars[11]
Spin Alternative Record Guide6/10[8]

Då det kom ut fekk Everybody Knows This Is Nowhere generelt positive meldingar frå kritikarane. Bruce Miroff i Rolling Stone likte albumet og skildra røysta til Young som «alltid sørgmodig, utan å vere sentimental eller patetisk. Ho hintar om ei verd der ei sorg ligg under alt [...] fordi den verda er gjenkjenneleg for dei fleste av oss, er synginga til Young ofte merkeleg rørande.» Trass i utsegner som «på fleire måtar er ikkje albumet like bra som dei tidlegare utgjevingane hans» og at «ein finn berre spor av dei gode tekstane frå det første albumet», meinte han at albumet «gjev ein mykje. Musikken til Young veg delvis opp for mangelen av ynde i sin energi og overtyding.»[12] Robert Christgau skreiv i The Village Voice at «Young er ein merkeleg artist og eg er ikkje heilt med på det han gjer enno, men denne plata er uforgløymeleg.»[13] I den originale meldinga gav Christgau albumet karakteren «B+», men Christgau sa seinare at han ville ha endra dette til ein «A–».[14]

I ei seinare melding skreiv Greg Kot i Rolling Stone der han kalla albumet «rått, oppjaga og energisk» og at samspelet mellom bandet «samstundes er både primitivt og abstrakt», ein «strålande spontan lyd» og «at albumet vil vedvare, ikkje berre som ein blåkopi for Young, men som ei inspirasjonskjelde for tallause band.»[10] William Ruhlmann skreiv på AllMusic at «albumet kom ut berre fire månader etter debutplata, og var nesten ei total avvising av den polerte lyden på dette.» Han konkluderte med at albumet «sette eit musikalsk mønster Young og mange av dei musikalske etterkomarane hans har følgd sidan [...] og mange band i dag spelar musikk som heilt klart er påverka av dette.»[7] Mark Richardson på Pitchfork skreiv «opningsriffet på 'Cinnamon Girl' slettar fullstendig minnet av Neil Young på berre fem sekund» og at «Crazy Horse var laussleppte og slurvete, med først og fremst fokus på groove og kjensle.» Han sa òg at «Young høyrest komfortabel og sjølvsikker ut, og syng med ei allsidig røyst som har endra seg merkverdig lite i løpet av dei 40 åra sidan den gongen» og konkluderte med at «det var eit slags bigbang for Young. Ein tettpakka augneblink av kreativ eksplosjon som såg mogelegheitene ekspandere i alle retningar.»[9]

I 2003 vart albumet rangert på 208. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene, og i 2012 var albumet flytta ned til 210. plassen. I 2018 vann albumet publikumsprisen ti Polaris Heritage Prize i kategorien 1960-1975.[15]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Cinnamon Girl»2:58
2.«Everybody Knows This Is Nowhere»2:26
3.«Round & Round (It Won't Be Long)»5:49
4.«Down by the River»9:13
Side to
Nr.TittelLengd
5.«The Losing End (When You're On)»4:03
6.«Running Dry (Requiem for the Rockets)»5:30
7.«Cowgirl in the Sand»10:06

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Crazy Horse

Andre medverkande

Teknisk

  • Henry Saskowski – lydteknikar
  • David Briggs – lydteknikar
  • Kendal Pacios – lydteknikar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1970 Billboard Pop Albums 34

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Liste Plassering
1970 «Cinnamon Girl» Billboard Pop Singles 55

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «20 Best Second Albums of All Time». Rolling Stone. 24. mars 2014. Arkivert frå originalen 26. desember 2017. Henta 2. februar 2019. 
  2. Daniel Durchholz; Gary Graff (5. november 2012). Neil Young: Long May You Run: The Illustrated History, Updated Edition. Voyageur Press. s. 76. ISBN 978-0-7603-4411-8. 
  3. «Neil Young Everybody Knows This Is Nowhere Chart History». Billboard.com. Henta 2. februar 2019. 
  4. «1001 Albums You Must Hear Before You Die». discogs.com. Henta 3. februar 2019. 
  5. Neil Young. Decade. 1976: Reprise 3RS 2257, liner notes.
  6. 6,0 6,1 Melding på Allmusic
  7. 7,0 7,1 Ruhlmann, William. Everybody Knows This is NowhereAllmusic. Henta 3. februar 2019.
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 «Everybody Knows This Is Nowhere». Acclaimed Music. Henta 3. februar 2019. 
  9. 9,0 9,1 Richardson, Mark (11. desember 2009). «Neil Young: Neil Young / Everybody Knows This Is Nowhere / After the Gold Rush / Harvest». Pitchfork Media. Henta 3. februar 2019. 
  10. 10,0 10,1 Kot, Greg (19. august 1999). «Review». Rolling Stone: 118. 
  11. Marsh, Dave; Swenson, John (Editors). The Rolling Stone Record Guide, 1st edition, Random House/Rolling Stone Press, 1979, p. 425.
  12. Miroff, Bruce (9. august 1969). «Everybody Knows This Is Nowhere». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (39): 36. Arkivert frå originalen 17. september 2017. Henta 3. februar 2019. 
  13. Christgau, Robert (31. juli 1969). «Consumer Guide (2)». The Village Voice. Henta 3. februar 2019. 
  14. Anon. (25. april 2002). «Nitpicking Issues With the Lists». Robertchristgau.com. Henta 3. februar 2019. 
  15. «Rush, Alanis Morissette, Kid Koala Among Polaris Heritage Prize Winners». Exclaim!, 23. oktober 2018.