Everybody Knows This is Nowhere
| Everybody Knows This Is Nowhere Studioalbum av Neil Young og Crazy Horse |
||
| Utgjeve | 14. mai 1969 | |
| Innspelt | januar & mars 1969 Wally Heider Recording i Hollywood i California |
|
| Sjanger | Rock, hardrock, folkrock, countryrock | |
| Lengd | 40:29 | |
| Selskap | Reprise | |
| Produsent | Neil Young, David Briggs | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| Neil Young og Crazy Horse-kronologi | ||
| Neil Young (1968) |
Everybody Knows This Is Nowhere | After the Gold Rush (1970) |
Everybody Knows This Is Nowhere er det andre soloalbumet til Neil Young og det første der han er akkompagnert av Crazy Horse. Albumet kom ut i 1969, berre fire månader etter det første, og var nesten heilt motsett av det polerte debutalbumet. Eit par av songane, som «Round and Round (It Won't Be Long)» og «The Losing End (When You're On)», har ein liknande country-folk-stil som på debuten, men songane var generelt meir livlege og meir sjølvsikre.[1]. Albumet vart produsert av Neil Young og David Briggs og inneheld tre av dei mest kjende songane hans: «Cinnamon Girl», «Down by the River» og «Cowgirl in the Sand», som alle vart skrivne same dag ein gong han låg til sengs med feber. Desse tre etablerte Neil Young som rockeartist. Songane vart med vilje gjort enkle, og tekstane er meir tankevekkande enn komplette og var nyttige til å henge lange improvisasjonar på. Både «River» og «Cowgirl» er kring 9-10 minuttar lange. Young song i eit lågare register enn på debutplata og høyrtes òg meir sjølvsikker ut.[1]. Med seg hadde han Whitten på harmonivokal, og på «Round and Round» hadde han Robin Lane.
Everybody Konws This is Nowhere var noko heilt nytt og annleis då det kom ut i mai 1969, både for Young og for rock generelt.[1]. Albumet gjorde det langt betre enn debuten, og vart gullplate og etter kvart platina. Albumet nådde 34. plass på den amerikanske albumlista. Albumet sette ein musikalsk standard for Young og mange av dei han påverka. Nesten 30 år seinare spelte han framleis denne type musikk med Crazy Horse, og mange band i dag spelar musikk som er tydeleg påverka av dette albumet.[1]
I 2003 vart albumet rangert på 208. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.
Everybody Knows This Is Nowhere vart nymastra og gjeve ut på HDCD i 2009.
[endre] Innhald
Alle songar er skrivne av Neil Young.
| # | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Cinnamon Girl» | 2:58 |
| 2. | «Everybody Knows This Is Nowhere» | 2:26 |
| 3. | «Round & Round (It Won't Be Long)» | 5:49 |
| 4. | «Down by the River» | 9:13 |
| 5. | «The Losing End (When You're On)» | 4:03 |
| 6. | «Running Dry (Requiem for the Rockets)» | 5:30 |
| 7. | «Cowgirl in the Sand» | 10:06 |
[endre] Medverkande
- Neil Young – gitar, vokal
- Danny Whitten – gitar, vokal
- Billy Talbot – bass
- Ralph Molina – trommer, korvokal
Andre medverkande
- Robin Lane – gitar, vokal (spor 3)
- Bobby Notkoff – fiolin (spor 6)
[endre] Kjelder
- Delar av denne artikkelen bygger på «Everybody Knows This is Nowhere» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2010.