Everybody Needs Somebody to Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Everybody Needs Somebody to Love»
Singel av Solomon Burke
B-side «Looking For My Baby»
Utgjeve 1964
Sjanger R&B, soul
Selskap Atlantic
2241
Låtskrivar(ar) Wexler, Berns, Burke
Solomon Burke-kronologi
«Goodbye Baby (Baby Goodbye)» «Everybody Needs Somebody to Love» «Yes I Do»

«Everybody Needs Somebody to Love» er ein song av Solomon Burke. Songen vart gjeven ut på singel i 1964.

Songen er rangert på 429. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Dan Aykroyd og John Belushi (The Blues Brothers) spelte songen i filmen The Blues Brothers. Songen var òg på Definitive Collection-albumet deira. The Rolling Stones spelte inn songen på albumet The Rolling Stones No. 2 i 1965, og Solomon Burke dukka opp på scenen i lag med dei på konsertturneen deira i 2002-2003. Ei innspeling frå denne turneen er med på konsertalbumet Live Licks frå 2004.

Songen vart òg spelt av The 13th Floor Elevators i 60-åra og Led Zeppelin var kjend for å spele songen på konsertar som ein del av «Whole Lotta Love». Wilson Pickett har òg spelt songen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]