Everyone Says 'Hi'

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Everyone Says 'Hi'
Singel av David Bowie
frå albumet Heathen
B-side

Safe

Utgjeve 16. september 2002
Innspelt Allaire Studios (Shokan i New York)
Looking Glass Studios (New York City)
Sjanger rock
Lengd 3:59 (album)
3:29 (radio)
Selskap
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi 
«Slow Burn»
(2002)
Everyone Says 'Hi' «I've Been Waiting for You»
(2002)


«Everyone Says 'Hi'» er ein song av den engelske musikaren David Bowie frå det 21. studioalbumet Heathen (2002). Han vart skriven av Bowie, og produsert av den britiske duoen Brian Rawling og Gary Miller, der vokalen vart produsert av Bowie sjølv i lag med Tony Visconti. Songen kom ut 16. september 2002 på singel på ISO og Columbia Records. «Everyone Says 'Hi'» og nådde 20. plassen på UK Singles Chart og 83. plassen på Den tyske singellista.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Reeves Gabrels, som var gitaristen til Bowie gjennom 1990-åra og som var ein nær samarbeidspartnar berre få år før Heathen kom ut sa at «Everyone Says 'Hi'» var den einaste Bowie-songen laga etter han slutta å spele med Bowie som han hadde høyrd «fordi nokon fortalte meg at David skreiv han for meg. Då tok eg til tårene.»[1]

Fire av seks B-sider til dei tre CD-singlane var nyinnspelingar av somme av dei mindre kjende songane til Bowie frå 1960-åra, meint for eit eige album attende i 2000.«Safe» og «Wood Jackson» var derimot nye songar, der førstnemnde opphavleg var skriven for, men droppa frå filmen The Rugrats Movie.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

[3]

Britisk versjon 1[endre | endre wikiteksten]

  1. «Everyone Says 'Hi' (Radio edit)» - 3:29
  2. «Safe» - 4:43
  3. «Wood Jackson» - 4:48

Britisk versjon 2[endre | endre wikiteksten]

  1. «Everyone Says 'Hi' (Radio edit)» - 3:29
  2. «When the Boys Come Marching Home» - 4:46
  3. «Shadow Man» - 4:46

Britisk versjon 3[endre | endre wikiteksten]

  1. «Everyone Says 'Hi' (Radio edit)» - 3:29
  2. «Baby Loves That Way» - 4:44
  3. «You've Got a Habit of Leaving» - 4:51

Europeisk versjon 1[endre | endre wikiteksten]

  1. «Everyone Says 'Hi' (Radio edit)» - 3:29
  2. «Safe» - 4:43
  3. «Baby Loves That Way» - 4:44
  4. «Sunday (Tony Visconti mix)» - 4:56

Europeisk versjon 2[endre | endre wikiteksten]

  1. «Everyone Says 'Hi' (Radio edit)» - 3:29
  2. «Safe» - 4:43

12" promoversjon[endre | endre wikiteksten]

  1. «Everyone Says 'Hi' (Metro remix)»
  2. «Everyone Says 'Hi' (Metro remix - Radio edit)»
  3. «I Took a Trip on a Gemini Spaceship (Deepsky's Space Cowboy remix)»

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2002) Plassering
Tyskland (Media Control AG)[4] 83
UK Singles (Official Charts Company)[5] 20

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Produsents
  • Musikarar:
    • David Bowie: vokal, klaverinstrument, synth, gitar, saksofon, stylophone, trommer
    • Tony Visconti: bassgitar, gitar, blokkfløyter, B-vox, strykearrangement
    • Matt Chamberlain: trommer, Loop-programmering, perkusjon
    • David Torn: gitarar, gitarsløyfer, Omnichord
    • Jordan Rudess: piano og Hammondorgel.
    • Carlos Alomar: gitar
    • Gary Miller: programmering og gitar
    • Dave Clayton: klaverinstrument på «Everyone Says 'Hi'»
    • The Scorchio Quartet
      • Greg Kitzis: 1. fiolin
      • Meg Okura: 2. fiolin
      • Martha Mooke: bratsj
      • Mary Wooten: cello

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • «Metro mix - radio edit» kom ut på to veldedige samlealbum for War Child kalla Peace Songs og Hope.
  • «Metro mix» kom ut i videospelet Amplitude.
  • Songen vart spelt av Fyfe Monroe og vart nytt ai siste episoden av TV-serien Defiance.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]