Evfimios av Suzdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Evfimios av Suzdal

Fødd1316
FødestadNizjnij Novgorod
Daud1. april 1404
DødsstadSuzdal
Yrkemunk
Helgendag1. april

Evfimios (13161404) var ein munk og klosterforstandar frå Suzdal og i dag ein helgen i den russisk-ortodokse kyrkja.

Evfimios av Suzdal blei fødd i 1316 i Nizjnij Novgorod. Ikkje så langt bort frå Nizjnij Norgorod låg Petsjerskij kloster som var vigd Kristi himmelfartsdag. Det var blitt grunnlagt av Dionysius, ein munk frå Grotteklosteret og ven av heilage Sergij Radonezjskij. I dette klosteret blei Evfimios munk.

Ikon av Kristus med knelande Sergij Radonezjskij og Evfimios

I 1352 ville den gudfryktige knjazen av Suzdal Boris Konstantinovitsj bygge eit kloster i Suzdal. Han bad St. Dionisij om ein som kunne bygge og vere forstandar for det nye klosteret, og Dionisij valde Evfimios.

Prepodobnyj Evfimios levde eit strengt munkeliv. Som Sergij Radonezjskij kledde han seg i vanlege munkeklede.

1. april 1404, etter å ha tatt nattverd døydde Evfimios fredeleg. aDa var han 88 år gammal.

4. juli 1507 vart leivningane av Evfimios funne då ein starta å grave jord for å bygge ein ny katedral for klosteret. Etter velsigninga av katedralen i 1511, blei også den eldre katedralen, som no var gjennoppbygd etter brann, velsigna i Evfimios sitt namn.

Kanoniseringa av St. Evfimios for heile Russland fann stad på eit kyrkjemøte i Moskva i 1549. 22. februar 1657 blei kista med liket hans frakta til katedralen i klosteret. Livshistoria til Evfimios blei skriven av munken Gregor.

Minnefestdagar for St. Evfimios[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]