Evil Woman av Electric Light Orchestra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Evil Woman
Singel av Electric Light Orchestra
frå albumet Face the Music
B-side

«10538 Overture (Live)»

Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1975 (USA), 10. januar 1976 (UK)
Innspelt 1975 at Musicland Studios
Sjanger Symfonisk rock
Lengd
  • 4:19 (album)
Selskap Jet (UK), United Artists (US)
Komponist Jeff Lynne
Tekstforfattar Jeff Lynne
Låtskrivar(ar) Jeff Lynne
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi 
«Boy Blue»
(1975)
Evil Woman «Strange Magic»
(1976)


«Evil Woman» er ein song skriven av Jeff Lynne og spelt inn av Electric Light Orchestra (ELO).

Han vart først gjeven ut på det femte albumet til bandet i 1975, Face the Music. Songen vart gjeven ut som singel seint i 1975 og vart den første hitten deira verda over. I følgje Lynne var songen den han hadde brukt kortast tid på å skrive, kring ein halvtime. Songen nådde topp 10 på singellistene på begge sider av Atlanteren tidleg i 1976. Songen vart ein hit igjen i Storbritannia i 1978 då han var med på The ELO EP. Teksten «There's a hole in my head where the rain comes in» er ei hyllest til The Beatles-songen «Fixing a Hole».

Jeff Lynne spelte inn songen på nytt i 2013 for eit samlealbum i lag med andre nyinnspelte ELO-songar. Albumet vart gjeve ut som ELO.[1]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Plassering
Australia (Kent Music Report)[2] 23
Canada (CHUM)[3] 6
Canada Top Singles (RPM)[4] 6
Irland (IRMA)[5] 10
Italy (FIMI)[6] 29
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[7] 20
Nederland (Mega Single Top 100)[8] 21
New Zealand (RIANZ)[9] 8
UK Singles (Official Charts Company)[10] 10
US Billboard Hot 100[11] 10
US Cash Box[12] 9
US Record World[13] 9
US Radio & Records (R&R)[14][15] 5

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Plassering
Canada (RPM 200 Singles)[16] 81
US Billboard Hot 100[17] 70
US Cash Box[18] 54

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1995 imiterte Michael Stipe Jeff Lynne på ein R.E.M.-konsert i Madison Square Garden under Monster Tour der han song «Evil Woman» iført parykk.

I 2002 vart songen nytta i filmen Austin Powers in Goldmember under ein fengselsscen der Dr. Evil får eit besøk av rollefiguren til Mindy Sterling, Frau Farbissina. På filmmusikkalbumet til filmen vert songen framført av Soul Hooligan med Diana King.

I 2006 vart songen sampla i Pussycat Dolls-singelen «Beep».

Bandet moe. spelte songen tre gonger i 2005.

I 2008 spelte Mike Posner songen på mixtapen sin «A Matter of Time», og som bonusspor på utvalde utgåver av det første albumet hans, 31 Minutes to Takeoff.

Songen vart framført i Broadway-musikalen Xanadu.

Fjernsynsprogrammet DTV Monster Hits! frå 1987 inneheld ein kort musikkvideo av songen.

Songen vart nytta i ein episode av fjernsynsserien Community i 2009.

Songen vert nytta i videospelet Grand Theft Auto IV på den fiktive radiostasjonen Liberty Rock Radio 97.8 i 2009.

Ein versjon av songen vart framført av Oh MercyTriple J sin Like a Version i april 2011.

Songen vart nytta i ein reklame for Hyundai som vart vist under Super Bowl den 2. februar 2014.

Songen vart nytta i ein episode i 2008 av fjernsynsserien My Name Is Earl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mr. Blue Sky – The Very Best of Electric Light Orchestra». Elo.biz. 5 October 2012. Henta 13. februar 2015. 
  2. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  3. CHART NUMBER 993 – Saturday, 31. januar 1976, arkivert frå originalen 29. juli 2007, henta 15. februar 2015 . CHUM. Henta 15. februar 2015.
  4. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 15. februar 2015.
  5. "The Irish Charts – Search Results – Evil Woman". Irish Singles Chart. Retrieved 15. februar 2015.
  6. «Indice per Interprete: E» (på italiensk). Hit Parade Italia. Creative Commons. Henta 15. februar 2015. 
  7. "Nederlandse Top 40 – Electric Light Orchestra - Evil Woman search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 15. februar 2015.
  8. "Dutchcharts.nl – Electric Light Orchestra – Evil Woman" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 15. februar 2015.
  9. "Charts.org.nz – Electric Light Orchestra – Evil Woman". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 15. februar 2015.
  10. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 12. februar 2015.
  11. «Electric Light Orchestra – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 12. februar 2015. 
  12. CASH BOX Top 100 Singles – Week ending FEBRUARY 14, 1976, arkivert frå originalen 2. september 2012, henta 15. februar 2015 . Cash Box magazine. Henta 15. februar 2015.
  13. RECORD WORLD 1976, arkivert frå originalen 14. mai 2005, henta 15. februar 2015 . Record World. Geocities.com. Henta 15. februar 2015.
  14. ELO
  15. Charts!
  16. «Top Singles – Volume 26, nr. 14 & 15, January 08 1977». RPM. Library and Archives Canada. Henta 15. februar 2015. 
  17. Billboard, 25. desember 1976 ("Billboard's Annual Talent in Action", Pop Singles of 1976)
  18. The CASH BOX Year-End Charts: 1976, arkivert frå originalen 28. desember 2012, henta 15. februar 2015 . Cash Box magazine. Henta 15. februar 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]