Evje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Evje
tettstad
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Evje og Hornnes
Areal 3,1 km²
Folketal 2 757  (2023)
Folketettleik 889 / km²
Postnummer 4735 EVJE
Preposisjon Evje
Kart
Evje
58°35′06″N 7°48′30″E / 58.585°N 7.8083333333333°E / 58.585; 7.8083333333333
Wikimedia Commons: Evje

Evje er ein tettstad i Setesdal og kommunesenter i Evje og Hornnes kommune i Agder fylke. Staden ligg ved elva Otra og Riksveg 42 og Riksveg 9 møtes på Evje. Tettstaden har 2 757 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Evje var tidlegare namnet på ein kommune som no er del av Evje og Hornnes kommune.

Den tidlegare kommunen Evje[endre | endre wikiteksten]

Evje var eigen kommune frå 1. januar 1877 til 31. desember 1959. Frå 1837 danna Evje saman med Vegusdal, Evje og Vegusdal formannskapsdistrikt. I 1877 vart området delt i to sjølvstendige kommunar. Evje kommune hadde då 870 innbyggarar.

Evje vart slegen saman med Hornnes 1. jaunar 1960 til Evje og Hornnes kommune. Ved samanslåinga hadde Evje 1 646 innbyggarar. 1. januar 1986 vart området Lislevand (gardsnummer 125) i Birkenes kommune lagt under Evje og Hornnes kommune.

Kjende personar frå Evje[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Agder å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.