Evo Morales

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Evo Morales
(Foto: Valter Campanato/ABr.)

Juan Evo Morales Ayma (fødd 26. oktober 1959 i Orinoca i Oruro-departementet) populært kjent som Evo (IPA: [ˈeβ̞o]), er president i Bolivia. Som etnisk aymaraer er han første statsoverhovud i landet frå amerikanske urfolk etter spansk kolonisering av Amerika for over 500 år sidan.

Morales er samtidig leiar av cocalero-rørsla i landet, som er ei venstreorientert, laus samanskiping av bønder som dyrkar kokablad. Rørsla har utspring i provinsen Chapare i departementet Cochabamba søraust i landet. Han er òg leiar for det politiske partiet «Movimiento al Socialismo Bolivia» (MAS).

Ved presidentvalet i Bolivia i 2002 fekk Morales overraskande 29,9 % av stemmene og blei dermed nummer to etter vinnaren Gonzalo Sánchez de Lozada. Dette gjorde den innfødde aktivisten fort til kjendis over heile kontinentet. Morales krediterte ambassadøren frå Sambandsstatane Manuel Rocha for nestensigeren etter provoserande kommentarar som ambassadøren kom med, Morales seier det hjelpte til å vekke medvete i det bolivianske folk[1]. Ved presidentvalet den 19. desember 2005 vann Morales ein klar siger over motkandidaten Jorge Quiroga, med om lag 54 % av stemmene. Sidan 22. januar 2006 har han vore president i Bolivia.

Morales vart innsett som president under ein seremoni i La Paz som samla rundt 100 000 personar. Under innsettingsseremonien gjentok Morales at han vil føre gassressursane i landet tilbake på bolivianske hender. Første reforma hans var å justere presidentgodtgjersla ned til det halve, til om lag 11 400 kr i månaden. Morales reknar president Hugo Chávez i Venezuela og presidenten på Cuba, Fidel Castro, som sine politiske førebilete.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Morales er fødd i ein aymarafamilie i gruvebyen Orinoca i Oruro på den bolivianske Altiplano. Mange innfødde har migrert frå gruvedistrikta i høglandet til tropisk lågland aust i Bolivia, og det gjorde også Morales tidleg i 1980-åra. Familien hans slo seg ned som jordbrukarar i Chapare-provinsen kor dei mellom anna dyrkar kokablad. Morales gjorde skolegangen ferdig og har tilskrive vidare utdanning «livets universitet» som òg femnar om militærtenesta som 17-åring. Han spelar trompet og karrieren inkluderer arbeid som musikar i eit musikkband. Vidare har han mellom anna leidd eit lokalt fotballag før han blei leiar for kokadyrkarane. I 1997 vart Morales valt inn i nasjonalkongressen i Bolivia som representant frå cocalero-rørsla i Chapare og Carrasco i Cochabamba. I valet fekk han 70 % av røystene, ei større oppslutting enn nokon andre av dei som kom inn i kongressen ved direkte val.

I januar 2002 vart Morales utstøytt frå kongressen, tilsynelatande fordi han blei kopla til opprørske kokadyrkarar som var involvert i eit samanstøyt i Sacaba kor fire jordbrukarar, tre soldatar og ein politisk offiser blei drepne. Trass utvisinga, erklærte Morales at han ville vere kandidat i presidentvalet og kongressvalet i juni same år. I mars vart utstøytinga frå kongressen erklært konstitusjonsstridig, men han gjorde ikkje krav på plassen sin før den nye kongressen opna i august.

Politikken[endre | endre wikiteksten]

Om vala i 2002 og i 2005: sjå Sosialistpartiet i Bolivia, (MAS).
Evo Morales (høgre) med José Bové, Frankrike under culturAmérica i 2002. (Foto: Pierre Coudouy)

Morales har uttalt kva drivkrefter som ligg bak partiet MAS:

-Kapitalismen er verste fienden av menneskja. Han provoserer til oppstand som dykkar eige, eit opprør mot eit system, mot ein nyliberal modell—representasjonen av primitiv kapitalisme. Om ikkje nasjonalstatane syter for eit minimum av helsevelferd, utdanning og næring åt folket, og verda ikkje erkjenner denne realiteten, så vil dei mest fundamentale menneskerettane verte brotne kvar dag.
-… dei ideologiske prinsippa for organisasjonen, antiimperialist og i motsetnad til nyliberalismen, er klåre og faste, men medlemmane har endå ikkje vendt prinsippa inn i ein pragmatisk realitet. [1]

Morales har argumentert for å tufte ei konstitusjonsforsamling som skal utarbeide ei ny grunnlov. Han har òg gjort framlegg om ei ny petroleumslov som vil garantere at 50 % av inntekta frå gassindustrien går til Bolivia, MAS har tilmed synt interesse for ei full nasjonalisering av industrien. Morales har tatt eit standpunkt i midten: å gå for nasjonalisering av naturgasselskapa, men samtidig gje høve til samarbeid med dei internasjonale selskapa i industrien.

Han har tala om «frihandelsområdet i Amerika» som ei tilslutning til å legalisere kolonisering av Amerika og stør eit ønske frå Venezuela sin president Hugo Chávez om å opprette ein «godleikens akse» mellom Bolivia, Cuba og Venezuela, i kontrast til Washington sin «ondskapens akse». [2].

Morales har òg uttrykt beundring for Guatemala sin innfødde aktivist og nobelprisvinnar Rigoberta Menchú.

Koka[endre | endre wikiteksten]

Evo Morales sitt svar på kokasaka er at kokainproblemet må løysast på konsumentsida, i staden for med kokautrydding og fleire soldatar inn i områda kor bønder kultiverer kokaplanten. Ikkje-statlege organisasjonar som Human Rights Watch [3] kritiserer slik utryddingsverksemd. Det finst stor skilnad mellom Morales-administrasjonen sitt syn og det offisielle synet i Sambandsstatane på antinarkotikalova og samarbeid mellom dei to landa, men representantar frå begge landa har gjeve uttrykk for ønskje om å motarbeide narkotikahandel. Morales seier dette om saka: -…det skal vere null kokain og null narkotikahandel, men ikkje null koka, [4] ettersom det etter synet hans vil det òg vere null quechuaer og null aymaraer om det vert null koka. I dag er det legalt og allment akseptert å nytte kokablad og kokate i Bolivia, koka er fritt tilgjengeleg og del av dagleg liv for landsbyfolk, gruvearbeidarar og andre arbeidarar.

Referanse[endre | endre wikiteksten]

  1. Perkins, J., The secret history of the american empire, Plume, 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]