Evripedes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statue av Euripides.

Evripides (gresk: Εὐριπίδης) (fødd ca. 485 f.Kr., død ca. 406 f.Kr.) var den siste av dei tre store tragediediktarane i antikkens Hellas Hellas, og levde ein generasjon seinare enn Aiskylos og Sofokles. Etter legenda vart han fødd på dagen for slaget ved Marathon(490 f.Kr.), der dei to andre store dramatikarane deltok.

I Evripedes si sette rasjonalisme og sofistikk preg på kulturen, noko som førte til omvurdering og rasering av den gamle gudelæra. I Evripedes' si dikting er det ikkje lenger gudane som driv menneska til handling, men lidenskap og andre kjensler som ligg i mennesket.

Euripides kom frå Phyla i Attika, og budde det meste av livet i Aten. Han studerte under Protagoras i lag med m.a. Sokrates. Rundt 408 forlet han Athen til fordel for hoffet til Arkelaos, kongen av Makedonia, der han var til han døydde.

Han fekk framsynt 88 drama, og av desse er 17 bevarte til vår tid:

  • Alkestis, 438 f.Kr.
  • Medeia, 431 f.Kr.
  • Heraklidane («Herkules’ barn»), 430-428 f.Kr.
  • Hippolytos, 428 f.Kr.
  • Andromake, ca. 425 f.Kr.
  • Hekabe, ca. 424 f.Kr.
  • Hiketidane]] («Dei audmjuke»), ca. 423 f.Kr.
  • Elektra, ca. 420-416 f.Kr.
  • Herakles, ca. 415 f.Kr.
  • Trojanerinner, 415 f.Kr.
  • Ifigenia i Taurarland, ca. 414 f.Kr.
  • Ion , ca. 413 f.Kr.
  • Helena, 412 f.Kr.
  • Fønikerinner, ca. 409 f.Kr.
  • Orestes, f.Kr.
  • Bakkantinnene, sett opp etter at diktaren døydde, ca. 405 f.Kr.
  • Ifigenia i Aulis, sett opp etter at diktaren døydde, ca. 405 f.Kr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]