Expletive Delighted!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Expletive Delighted!
Studioalbum av Fairport Convention
Innspelt Februar, april & mai 1986 i Woodworm Studios i Barford St. Michael i Oxfordshire
Sjanger Folkrock
Lengd 35:53
Selskap Woodworm WR007
Produsent Fairport Convention
Kritikk
Fairport Convention-kronologi 
Gladys' Leap
(1985)
Expletive Delighted! House Full
(1986)


Expletive Delighted! er eit album av folkrockbandet Fairport Convention. Det er det einaste albumet deira som berre består av instrumentalmusikk, trass i at det på omslaget står «teksthefte vedlagt».[1]

Ric Sanders, som hadde spelt på somme spor på det førre albumet, Gladys' Leap, vart invitert med i Fairport som fulltidsmedlem, og det same vart Maartin Allcock. Resultatet vart i følgje Dave Pegg, «Rick og Maart skreiv begge ting, og komponerte desse flotte instrumentale stykka. Eg tenkte at me burde gjere noko med ein gong, fange augneblikket. Så vi gav ut eit heilt instrumentalt album, Expletive Delighted. Eg ønskte verkeleg å vise alle kva desse nye karane kunne gjere, kor flinke dei var til å spele ... besetninga tydde at me kunne turnere att, og det gjorde at me hadde nye songar for Cropredy, og det gjorde at det var eit Fairport igjen. Så frå 1986 og framover, var ikkje Cropredy berre ein gjenforeiningsfestival lenger. Vi hadde eit band.»[2]}} Denne nye besetninga varte i elleve år, den mest stabile av alle samansetningane av Fairport fram til då.[3]

Kritikaren i Allmusic skildra Expletive Delighted! som «stundom hyggeleg og stundom særs irriterande», og kritiserte at trommene til Dave Mattacks var altfor tydelege i miksen, medan «Portmeirion» og tittelsporet vart skildra som «like delikate og vakre som noko denne versjonen av bandet har gjort».[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Rutland Reel/Sack The Juggler»Ric Sanders03:20
2.«The Cat On The Mixer/Three Left Feet»Maartin Allcock03:37
3.«Bankruptured» (Omarbeiding av ein song frå Tipplers Tales i 1978)Dave Pegg03:04
4.«Portmeirion»Ric Sanders05:21
5.«Jams O'Donnell's Jig»Dave Pegg02:48
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Expletive Delighted»Ric Sanders01:55
7.«Sigh Beg Sigh Mor»O' Carolan07:18
8.«Innstuck»Maartin Allcock02:08
9.«The Gas Almost Works»John Kirkpatrick01:58
10.«Hanks For The Memory» («Shazam», «Pipeline», «Apache» og «Peter Gunn»)forskjellige, arr. Jerry Donahue04:38

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Expletive-Delighted - The Fairport Convention Discography Website Sponsored by Musikfolk Limited (www.musikfolk.com)». www.fcfansite.fsnet.co.uk. Arkivert frå originalen 9. mai 2008. Henta 2. februar 2011. 
  2. «Dave Pegg recounts Fairport's history - Fairport Convention's official website». www.fairportconvention.com. Arkivert frå originalen 16. mai 2008. Henta 2. februar 2011. 
  3. «History: Simon Nicol writes about Fairport - Fairport Convention's official website». www.fairportconvention.com. Arkivert frå originalen 11. februar 2009. Henta 2. februar 2011. 
  4. «allmusic Expletive Delighted! > Overview». www.allmusic.com. Henta 2. februar 2011.