Explorers Range

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Explorers Range
fjellkjede
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 70°50′S 162°45′E / 70.833°S 162.750°E / -70.833; 162.750
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Explorers Range
70°53′00″S 162°48′00″E / 70.883305555556°S 162.8°E / -70.883305555556; 162.8
Explorers Range is located in Antarktis
Explorers Range (Antarktis)

Explorers Range er ei stor fjellkjede i Bowers Mountains i Antarktis som strekkjer seg frå Mount Bruce i nord til Carryer- og McLinbreen i sør. Ho vart namngjeven av New Zealand Antarctic Place-Names Committee (NZ-APC) etter det nordlege laget til New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE), 1963-64, som gjorde topografiske og geologiske undersøkingar av området. Namn på fleire medlemmar i laget er nytta i denne fjellkjeda.[1]

Fjell[endre | endre wikiteksten]

  • Mount Ford er eit markant fjell (2580 moh) som ligg 3,5 km nord for Miller Peak og 7 km vest-sørvest for Mount Ashworth. Det vart utforska av det nordlege laget til NZGSAE, 1963-64, og kalla opp etter M.R.J. Ford som overvintra ved Scott-basen og var nestleiar for landmålarane til den nordlege gruppa.[2]
  • Gary Peaks er to fjelltoppar som utgjer ein del av nordveggen over Sheehanbreen, og ligg 7 km vest-sørvest for Mount Hager. Det vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1960-65. Ho vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Gary F. Martin i US Navy, som var maskininst ved Amundsen-Scott-stasjonen i 1965.[3]
  • Mount Glasgow er eit fjell, 2490 moh, som ligg 7 km nordvest for Mount Webb. Ho vart namngjeven av NZGSAE, 1967-68, for J. Glasgow, feltassistent på ekspedisjonen.[4]
  • Mount Hager er eit fjell (2420 moh) som ligg 10 km vest for Mount Cantello. Det vart kartlagd av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1960-65. Ho vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Clarence L. Hager, som var geofysikar ved Amundsen-Scott-stasjonen, 1967-68.[5]
  • Miller Peak er ein fjelltopp (2420 moh) som ligg 3 km sør for Mount Ford. Det vart utforska av det nordlege laget til NZGSAE, 1963-64, og kalla opp etter J.H. «Bob» (no Sir J. Holmes) Miller, som leia landmålinga for denne gruppa.[6]
  • Mount Sturm er eit fjell, 2320 moh, som står like ved enden av Rastorguevbreen. Ho vart namngjeven av den nordlege gruppa av NZGSAE, 1963–64, etter Arnold Sturm, som var geolog på ekspedisjonen.[7]
  • Mount Webb er eit fjell (2430 moh) som står 7 km søraust for Mount Glasgow på vestsida av Edlin Neve. Ho vart namngjeven av NZGSAE, 1967–68, etter William Webb, leiaren for vintergruppa på Scott-basen, 1968.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]