Eystein Eggen (1886-1973)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eystein Eggen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. februar 1886
Død

29. august 1973 (87 år)

Yrke skribent, lyrikar

Eystein Eggen (18861973) var ein norsk forfattar, lokalhistorikar, journalist og handelsmann. Han var far til lyrikaren Arnljot Eggen, og farfar til forfattarane Eystein Eggen, Jo Eggen og Torgrim Eggen.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Eggen voks opp i bondebygda Vingelen i Nord-Østerdal i Hedmark fylke. Han byrja som bladmann på Røros i 1907, vart sju år etter styrar av forbruksforeininga i heimbygda. I 1931 vart han handelsmann i sosialistiske Ålen i Sør-Trøndelag fylke. I 1946 flytta han attende til Vingelen. Spenningane mellom den sosialistiske og den borgarlege luten av rørosregionen prega heile tida skrivinga hans. Han var bygdearistokrat og drosjesjåfør, antikapitalist og handelsmann, nasjonalist og antifascist. Fyrst og fremst var han lyrikar. Frå han som ung gut byrja i bladet Fjell-Ljom skreiv han ei ufatteleg mengd dikt og artiklar. Mange av dei er reportasjeperler av eit slag som ikkje lenger finst. Dei høyrde heime i det gamle Noregs Ungdomslag, der Eggen var verksam til inn i alderdomen. Olsok 1929 fekk han som leiar i ungdomslaget Nybrott reist bauta over Vingelen gamle stavkyrkje. Han leia sjølv stemnet og las eigne dikt.

Det mest verdfulle ved Eggens bygdebøker er dei kjappe skildringane av sjølvrøynde hendingar, folk og miljø, så nært knytte opp til poesien sin presise rytme.«Kva er det som kavar, kva er det som kling bak rimkvite bjørker i bratta?» heiter det om myndige prosten i Tolga på veg til gudsteneste i Vingelen. Eggens skildringar, på vers og på prosa, er augnevitnemål om folk som ikkje lenger er. Sjølv om Eggen sat aldri så flittig i arkiva; nokon granskar i vanleg forstand vart han aldri. Han laga reportasje, frå notid og fortid, førebiletet hans var Ivar Kleiven i Vågå.

«Dette er kjærleik i ville fjellet», slog Eggen i 1913 fast om gjenombrotsboka Eli Sjursdotter av journalistvenen Johan Falkberget. Anders Reitan hadde kome med hard kritikk av av det historiske grunnlaget for boka. Ordskiftet vart kalla «Eli-feiden». Den hugsa folk så lenge Eggen levde. Falkberget gløymde det heller aldri. Eggens nasjonale sinnelag var tufta på partiet Venstre og han tok klår avstand frå tiltuska nasjonalisme i 1930-åra som Quislings lefling med Olav Aukrust på Olsokstevne i Tolga der Quisling las opp Aukrust på bokmål. Når det i ettertid er komme opp påstand om at han var NS-medlem er dette rett og slett feil. Eit historieverk om motstandsrørsla i Hedmark under krigen (Lunde)har dette med og blir sitert flittig. Ikkje mindre er det feil. Nasjonalsosialismen var tett på i nabobygda med olskostemnene på Sætergård og ein og annan nasjonalsosialist fanst i Vingelen og, men ifølge arkiva var det berre tre og Eggen var ingen av dei. Svigerdattera var nazist og sonen hennar har lenge kjempa for at dei andre ikkje var betre enn ho. Når Vingelsboka kom ut i 43 var det om å gjere for nasistane å trekkje veksler på den, men det var ei bok han hadde oppdrag om å skrive frå tidleg på tjuetalet og det er ingen politisk bok, men ei av mange gode bygdebøker han skreiv på oppdrag som den om Bardu, ei om Tolga og ei om Tylldalen.

Skrivestua til Eggen blei av sonen Arnljot sjenka til Vingelen bygde- og kyrkjemuseumpå tross av at Eggen hadde skrive på skjøtet at den ikkje måtte ut av slekta og på tross av at det var etterkomarar som kunne og ville overta. Stua vert nå nytta til kulturelle samkomer og er samstundes minne om ein mann som gjennom to mannsaldrar var heimegrendas fremste sosialpolitiske barometer.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1911: Løv og lyng diktsamling
  • 1915: Heimen diktsamling
  • 1927: Eit ettermæle, minneskrift
  • 1933: Helgeleite diktsamling
  • 1943: Vingelen : sogeminner frå heimbygda
  • 1950: Bardu, bygdebok
  • 1957: Tylldalen - Brydalen bygdebok
  • 1968: Tolga, bygdebok

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur