Eyvind Alnæs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Eyvind Alnæs ca. 1896.
Foto: Wilh. Christensen / Nasjonalbiblioteket

Eyvind Alnæs (29. april 187224. desember 1932) var ein norsk komponist frå Fredrikstad.

Alnæs studerte i Oslo hjå Iver Holter, i Leipzig hjå Carl Reinecke og i Berlin. Frå 1895 til 1907 var han organist i Drammen, deretter organist og kordirigent i Oslo. Han var med på å grunnleggje Norsk Komponistforbund.

Han komponerte to symfoniar, Variations symphoniques, ein pianokonsert, pianostykkje, koralpreludium for orgel, korstykkje og songar i seinromantisk stil. Mest kjent er romansane De hundrede violiner og Der du gjekk fyre.

Spire Denne musikarartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.