Eyvind Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eyvind Johnson
Eyvind.JPG
Eivind Johnson
Nasjonalitet Svensk Sverige
Fødd 29. juli 1900, Svartbjörnsbyn
Død 22. august 1976 (76 år)
Yrke Forfattar
Periode 1924-1973
Prisar Nobelprisen 1974
Nordisk råds litteraturpris 1962
Debut De fyra främlingarna

Eyvind Johnson (29. juli 190025. august 1976), fødd Olof Edvin Werner Jonsson, var ein svensk forfattar og nobelprisvinnar frå Björkelund utanfor Boden i Norrbottens län. Barndomsheimen hans er i dag restaurert.

Johnson kom frå ein arbeidarheim, og laut sjølv ut i arbeid frå han var 14 år. Han hadde mange ulike arbeid i traktene kring Boden, mellom anna på sagbruk, teglsteinfabrikk, som hjelpemann for elektrikar og røyrleggjar og som billettseljar på kino. Etterkvart reiste han sørover til Stockholm og fekk seg arbeid på verket til LM Ericsson. Då metallarbeidarstreiken kom i 1920 prøvde han å livnæra seg av skrivinga si, noko som ikkje var så lett. Saman med nokre andre unge forfattarar starta han det litterære tidsskriftet Vår Nutid som kom med seks nummer. På 20-talet budde han for det meste i Berlin og Paris der han hadde ymse fabrikkarbeid eller levde av å skrive for svenske aviser.

Den første boka han fekk gitt ut var novellesamlinga De fyra främlingarna i 1924, og med den stod han fram som ein typisk proletarforfattar med sosial tendens og realistisk form, men snart skulle han utvikla ein avansert stil som elles var uvanleg for proletarforfattarane. Han vart påverka av arbeida til mellom andre James Joyce, André Gide, Thomas Mann og Marcel Proust. Eit av høgdepunkta i forfattarskapen hans kom på 30-talet, den sjølvbiografiske Romanen om Olof i 4 bind frå 1934-1937.

Eyvind Johnson ropte tidleg ut om den faren nazismen truga Europa og verda med. Han tok eit klart standpunkt mot totalitær terror og også mot nøytralismen til denne totalitære terroren. Bøkene Nattövning (1938) og Soldatens återkomst (1940) omhandlar dette. 1942-1945 var han med i redaksjonen i den illegale avisa Håndslag, som vart smugla over grensa til Noreg. Under andre verdskrigen skreiv han også verket Krilion i tre bind, som handlar om kampen for demokratiet i allegorisk form. Han var medlem i Svenska Akademien frå 1957.

I etterkrigstida skreiv han fleire historiske romanar. Eit av hovudverka hans, Strändernas svall, kom i 1946, det er ein moderne Odyssevs-roman. Så, i 1949, kom Drömmar om rosor och eld som er ein hekseroman frå Frankrike på 1600-talet. Med Molnen över Metapontion frå 1957 vender han attende til antikken og boka er dels ein moderne problemroman og dels ei gjendikting av Xenofons Anabasis. I 1960 kom Hans nådes tid med handling frå Karl den stores tid.

Eyvind Johnson fekk Nobelprisen i litteratur i 1974 saman med Harry Martinson. Han fekk prisen for Romanen om Olof. Romanen skildrar korleis det var å veksa opp som ung mann i Norrland på 1900-talet, slik Johnson sjølv gjorde. I og med at begge prismottakarane sat i Svenska Akademien, som er dei som peikar ut vinnarane av Nobelprisen i litteratur, og ingen av dei var særleg kjende internasjonalt, var prisetildelinga kontroversiell.

Johnson døydde i Stockholm i 1976. Han vart far til Tore Johnson.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1924 De fyra främlingarna
  • 1925 Timans och rättfärdigheten
  • 1927 Stad i mörker
  • 1928 Stad i ljus
  • 1928 Minnas
  • 1929 Kommentar till ett stjärnfall
  • 1930 Avsked till Hamlet
  • 1932 Bobinack
  • 1932 Natten är här
  • 1933 Regn i gryningen
  • 1934 Än en gång kapten
  • 1934 Nu var det 1914
  • 1935 Här har du ditt liv!
  • 1936 Se dig inte om!
  • 1937 Slutspel i ungdomen
  • 1938 Nattövning
  • 1940 Soldatens återkomst
  • 1940 Den trygga världen
  • 1941 Grupp Krilon
  • 1942 Krilons resa
  • 1942 Krilon själv
  • 1946 Strändernas svall
  • 1949 Drömmar om rosor och eld
  • 1951 Lägg undan solen
  • 1956 Romantisk berättelse
  • 1957 Tidens gång
  • 1957 Molnen över Metapontion
  • 1960 Hans Nådes tid
  • 1961 Spår förbi Kolonos - en berättelse
  • 1964 Livsdagen lång
  • 1968 Favel ensam
  • 1973 Några steg mot tystnaden
  • 1986 Olibrius och gestalterna

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]