Fånes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fånesgrenda med Leksvik på andre sida fjorden.
Bauta på ei gravrøys på Fånes.
Fånes fyrlykt,Frosta.

Fånes er ei grend på nordsida av Frosta kommune i Nord-Trøndelag og ligg mot Trondheimsfjorden. Namnet Fånes kjem av "faaen" som tyder "bleik", noko som viser til farga på eit berg. Etter 1600-talet høyrer vi om to gardar, nedre og øvre Fånes. Nedre Fånes har gardsnummer 19 og Øvre Fånes gardsnummer 20. Frå desse gardane er det skilt ut fleire gardar og plassar gjennom tidene. Heile grenda er på 0,8 km². Fylkesveg 64 i Nord-Trøndelag går gjennom grenda og det er 6 km til kommunesenteret.

På fleire stader langs fjorden er det funne gravrøyser frå bronsealderen og vidare ei steinøks av porfyr med rombisk form frå bronsealderen. I 2003 vart ei vikinghamn oppdaga som var frå år 1000 eller litt seinare.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Erkebiskop Aslak Bolt reiste om Fånes og overnatta i saalhuset (herberge), før han drog vidare til Ytterøy. Han fekk Fånes nedre av fru Elsebe Ottesdotter Rømer (1366 - 1448) frå Austrått. Elsebe (Elisabet) var truleg ein slektning av Aslak, då begge var av Rømerslekta. Elsebe var oldemor til fru Inger frå Austrått (1493 - 1555. Garden gav han vidare til erkesete i Nidaros. Langt seinare, i 1754, var kaptein Wiljam Wessel eigar av Fånes nedre. Han var bror åt Peter Wessel Tordenskjold.

  • Lensmenn busett på Fånes øvre: Ole Grilstad frå 1808 til 1848. Bernt Grilstad frå 1848 til 1869.
  • Folk frå grenda som har missa livet på sjøen: Arnt Faaneshamn på Fånesbukta i 1862. Johannes Ohlen og sonen Kasper på Frohavet 6. juni 1885.
  • Hans Faanes var ordførar på Frosta frå 1890 til 1891 og lensmann frå 1897.
  • Lofotfiskarar frå slutten av 1800-talet: Anders Gresset, Jørgen Faaneshamn, Otto Bjerkan og Peder Faanes.
  • Fånes kai vart bygd i 1895 og lakt ned i 1961. Lokalbåten «Frosta» hadde dei fleste stopp ved kaia.
  • «Martin Ryghs Landhandel» vart starta i 1895. Ei tid var det både telefonsentral og brevhus på landhandelen. Verksemda vart flytta til nye lokaler i 1958 og er no lakt ned.
  • Fånes fyrlykt vart sett opp i 1913 og fekk nettdrift i 1989.
  • Motstandsmannen Arne Haugen vart arrestert i oktober i 1944 og sleppt ut frå Falstadkrigen var slutt.
  • Fram til 1967 gjekk ungane frå grenda på Nordbygda skule (kretsskule).
  • Grenda høyrer til idrettslaget «Trods» sitt område.
  • 2. november 2003 styrta eit «Cessna 150» i sjøen utanfor Fånes og to mann missta livet.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var jordbruk og fiske hovudnæringane. På Fånes var det ei brukbar hamn med eit rikt fiske i fjorden utanfor, men no er det ingen som driv fiske lenger, no vert det berre drive jordbruk og anna verksemd.

  • Egil Rygh Transport
  • Fånes Hyttetomter
  • Frosta Elektro

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]