Fårikål
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fårikål eller får i kål er ein matrett av sauekjøt eller lammekjøt, hovudkål og heil svart pepar som er kokt saman i ei gryte. Andre ingrediensar er kveitemjøl som gjer krafta fyldigare, og salt etter smak. Fårikål blir servert med kokte poteter.
Totalforbruket av lam i Noreg var i 2009 5,7 kilo per person. I radioprogrammet Nitimen kåra lyttarane i 1970-åra fårikål til nasjonalrett. Sidan har retten fått både fanklubb (Fårikålens venner) og eigen festdag. I Noreg et folk tradisjonelt fårikål om hausten. Fårikålens dag vart innstifta av Opplysningskontoret for kjøtt i 1997 og er den siste torsdagen i september kvart år.
Referansar [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Fårikål» frå Wikipedia på bokmål, den 25. september 2012.