Færøysk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Færøysk (Føroyskt) |
||
| Klassifisering: | Indoeuropeisk Germansk Nordisk Vestnordisk Færøysk |
|
| Bruk | ||
| Tala i: | Færøyane | |
| Område: | Færøyane | |
| Færøysktalande i alt: | 80 000 | |
| Rangering: | Ikkje topp-100 | |
| Skriftsystem: | det latinske alfabetet | |
| Offisiell status | ||
| Offisielt språk i: | Færøyane | |
| Normert av: | Føroyska málnevndin | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-1: | fo | |
| ISO 639-2: | fao | |
| ISO 639-3: | fao | |
Færøysk (føroyskt) er del av den vestnordiske målgreini, som rommar måli islendsk, færøysk, moglegvis nynorsk og det no utdøydde målet norn. Den norrøne målgreini høyrer til dei germanske greinene av dei indoeuropeiske måli.
Færøysk vert tala av 80 000 menneske, i fyrste rekke på Færøyane der det har vore offisiellt språk sidan 1937.
Som islendsk har færøysk utvikla seg or dei gamalnorske målføri nybyggjarane i vikingtida hadde med seg frå det vestlege Noreg. Færøyingar og islendingar kan til ein viss grad forstå kvarandre, men ikkje utan problem.
Innhaldsliste |
[endre] Mållæra (grammatikken)
Færøysk er, saman med islendsk og nokre norske og svenske målføre, einaste nordiske målet, som enno har dei fire nordgermanske falli: nominativ (hovudfall), akkusativ (underfall), dativ (sidefall) og genitiv (eigefall). I talmålet (og dermed og i skrift) er genitiv mest ute av bruk; setningane vert snudde på so eigeformi kjem fram med preposisjonar i dativ. Genitiv vert derimot nytta i faste vendingar og i fyrste leden i samansette ord.
[endre] Døme på falli (kasusa) i færøysk
Substantiv og personfornamn vert bøygde i fall. Som hugseregel nyttar ein spørjeordet som på færøysk er ein del av fallnamnet:
| døme | spurning | kallkyn (hankjøn) |
kvennkyn (hokjøn) |
hvørkikyn (inkjekjøn) |
| hvørfall (nominativ) |
Hvør er hatta? | knøttur | telda | borð |
| hvønnfall (akkusativ) |
Hvønn sást tú? | knøtt | teldu | borð |
| hvørjumfall (dativ) |
Hvørjum hyggur tú at? | knøtti | teldu | borði |
| hvørsfall (genitiv) |
Hvørs vegna? | knøts | teldu | borðs |
[endre] Alfabetet
Færøysk nyttar det latinske alfabetet, med 29 bokstavar.
Dei er: A Á B D Ð E F G H I Í J K L M N O Ó P R S T U Ú V Y Ý Æ Ø.
C, Q, W, X, Z vert ikkje nytta, men finst i sume låneord (òg Ü og Å i etternamn), men skikken er å byta desse bokstavane um med færøyske bokstavar med same uttale.
[endre] Rettskriving
Opp til det 15. århundret, hadde ein på Færøyane ei liknande rettskriving som islendsk og norsk, men etter reformasjonen, forbaud dei danske styresmaktene å nytta målet i skulen, kyrkja og offentlege dokument, altså dei viktigaste stadene der skrivemål overlever i eit samfunn der folk stort sett ikkje kan skriva. Øyfolket fortsette å nytta målet i balladar, eventyr, og til kvardags. Dei heldt oppe ein rik munnleg tradisjon, men i dei neste 300 åra vart dette ikkje spegla i skrift.
Etter kvart som nasjonalkjensla voks fram i Europa, voks òg færøyingane si interesse for kultur og eige språk. Det vart samla inn balladar og eventyr, nett som i Noreg. I denne samanhengen kan me òg sjå arbeidet for å skape eit færøysk skriftmål.
Den som fyrst framstelte færøysk som sjølvstendig språk, var den færøyske studenten Jens Christian Svabo (1746–1824). I dei færøyske visesamlingane sine nytta han ein ortofon (uttalerett) skrivemåte han sjølv hadde utvikla.
Den færøyske skriftnormalen me kjenner i dag, vart kodifisert i 1846 av Venceslaus Ulricus Hammershaimb med tekstsamlingi "Færøiske Trylleformularer.« Ein normativ færøysk grammatikk kom med »Færøsk Sproglære« i »Annaler for nordisk Oldkyndighed« i 1854, og den endelege skriftnormalen kom i samlingi »Færøsk anthologi« 1891. Hammershaimb valde ein normeringsmåte som likna mykje på den Ivar Aasen nytta for nynorsk: Han samla inn emne frå ulike dialektar, samanlikna deretter dialektane med kvarandre, med norrønt og med andre nordiske språk, og konstruerte til slutt ei skriftnorm ut frå denne samanlikningi. Hammershaimb gjekk likevel mer etymologisk til verks enn Aasen.
Noko av grunngjevingi for Hammershaimbs etymologisering var praktisk i høve til dialektskilnadene: For ikkje å gje ein einskild dialekt for mykje vekt, måtte han gå attende til den historiske forma for å finna ei samform. Dei store morfo-fonologiske skiftingane i færøysk vart òg betre tekne hand om på denne måten: Former som «dagur», «dag», «dags», «dagar», «døgum» har på overflata (dvs. i uttalen) stor variasjon, men ved å nytta ein konsekvent morfo-fonemisk skrivemåte, kan ein i færøysk lett gå frå skrivemåten til uttalen. Ei anna side ved etymologiseringa var trongen for å markera avstand til dansk, og visa samanheng med andre nordiske språk, særleg med islandsk og norsk. Ei slik markering var viktig i høve til oppfatninga om at færøysk var ein forkvakla dansk dialekt eller eit blandingsspråk. Her kom føringar i puristisk retning. Ei tredje årsak ligg i forlenginga av den skandinavistiske ideologien: Ved å gjera språket mest mogleg nært norrønt, gjorde ein det også meir likt det historiske grunnlaget for alle dei nordiske språka – også dansk. Alle desse faktorane, som Hammershaimb kom inn på i «Færøsk anthologi», gjorde at tanken om system og indre samanheng i språket vart eit viktig grunnlag for korleis det færøyske språket skulle sjå ut.
Språkvitaren Jakob Jakobsen (1864–1918) hadde eit anna rettskrivingsideal enn Hammershaimb, basert på ortofoni, og i 1889 la han i artikkelen “Nogle Ord om Færøsk, samt et Forslag til en ny færøsk Retskrivning” (Jakobsen 1957:23f.) fram eit rettskrivingsframlegg som gjekk i ortofon lei. Jakobsens rettskrivingsframlegg var basert på talemålet i Sør-Streymoy, det mest sentrale området på Færøyane (der òg hovudstaden Tórshavn ligg). Eit detaljert kompromissframlegg, den såkalla "broyting", vart lagd fram i 1895, prenta i Føringatíðindi 2. januar 1896, og vedteken som rettesnor for Føringafelag. Men etter sterk normstrid på 1890-talet, var det fleire som tok avstand frå broyting-rettskrivingi, og utover på 1900-talet var det berre Jakob Jakobsen som nytta henne. Ei modifisert form av den hammershaimbske rettskrivingi vann fram.
Avstanden mellom tale og skrift i rettskrivingi er ikkje uproblematisk, og vert med jamne mellomrom diskutert. Til dømes er bokstaven «ð» ikkje knytt til noko fonem. Han er stum. Og jamvel om bokstaven «m» svarar til den bilabiale nasale konsonanten, som han gjer på norsk, so svarar han i dativ-endingi -(in)um til den alveolare nasale konsonanten «n» på grunn av fonologisk assimilasjon.
[endre] Jólafundurin 1888
22. desember 1888 stod det fylgjande i Dimmalætting som på den tida var den einaste avisa på Færøyane:
«Ein og hvør bjóðast at koma í tinghúsið annan jóladag kl. 3 e.m., har. sum vit atla, at samráðast um at verja Førja mál og Førja siðir.»
(«Alle og einkvar vert beden å koma til tinghuset andre joledag kl. 15, der me etlar å dryfta korleis færøysk mål og kultur kan verjast».)
Denne innbjodingi var underskriven av ni framståande færøyingar.
På dette møtet, som seinare er kalla «jólafundurin» (jolemøtet), var det eit ordskifte om kva som kunne gjerast for å styrkja færøysk mål og kultur. Seks punkt vart lagde fram:
- Færøysk mål skal verta opplæringsmål i skulen, so snart som nok skulebøker på færøysk er tilgjengelege
- I historieundervisinga skal det leggjast vekt på færøysk historie
- All utanåtlæring på dansk i kristendomsundervisinga skal burt, i staden skal dette gjerast på færøysk
- Prestar må ha rett til å nytta færøysk mål i og utanfor kyrkja
- Færøysk bør nyttast i alle offentlege samanhengar
- Arbeid for å skipa ein færøysk vidaregåande skule
("Nú er tann stundin..." på Wikisource)
[endre] Døme på færøysk
Ei prøve på moderne færøysk: Ormurin Langi.
[endre] Litteratur
- V.U. Hammershaimb: Færøsk Anthologi. København 1891, Tórshavn 1991, 2 bind (andre bind er mellom anna ei færøysk-dansk ordsamling med 10 000 oppslagsord ved Jakob Jakobsen. Anthologien er framleis tilgjengeleg på Færøyane)
- W.B. Lockwood: An Introduction to Modern Faroese. Tórshavn 1977 (standardverk på engelsk i fleire tiår).
- J. Henriksen: Kursus i Færøsk. Tórshavn 1983 (2 bind)
- Höskuldur Thráinsson, Hjalmar P. Petersen, Jógvan í Lon Jacobsen, Zakaris Svabo Hansen: Faroese. An Overview and Reference Grammar. Tórshavn 2004 ISBN 99918-41-85-7 (nytt standardverk).
[endre] Ordbøker
- Eigil Lehmann: Føroysk-norsk orðabók - Færøysk-norsk ordbok. Tórshavn, Føroya Fróðskaparfelag, 1987.
- Hjalmar Petersen, Marius Staksberg: Donsk-føroysk orðabók. Tórshavn 2005 ISBN 99918-41-51-2 (Dansk-færøysk ordbok)
- M.A. Jacobsen, Christian Matras: Føroysk-donsk orðabók. Tórshavn 1961 (Færøysk-dansk ordbok)
- J.H.W. Poulsen et al.: Føroysk orðabók. Tórshavn 1998 ISBN 99918-41-52-0 (i 1 bind), ISBN 99918-41-53-9 (i 2 bind), ISBN 99918-41-54-7 (CD-ROM) (den fyrste færøysk-færøyske ordboki, omlag 65 000 oppslagsord, synonym. Bilete ved Bárður Jákupsson)
[endre] Bakgrunnsstoff
- Føroyska málnevndin (Færøysk språkråd. Under «Orðalistar» finst det ordlister)
- KurtMadsen.com (Færøysk-dansk amatørordbok, som no inneheld ca. 2300 ord)
- BMS.fo - Bókamiðsølan (engroshandel for alle bøker på færøysk)
- Setur.fo - Fróðskaparsetur Føroya (Universitetet på Færøyane. Den einaste staden med eit fakultet for færøysk. Sommarkurs for utlendingar på engelsk)
- Færøysk analysator på nettet
[endre] Høyr færøysk på nettet
- UF.fo - Útvarp Føroya (Færøysk radio. Under «ÚF beinleiðis» til venstre er det nettradio)
- SvF.fo - Sjónvarp Føroya (Færøysk fjernsyn. Under «Sendingar á alnótini» er det nyheter, debatt og kulturnyheter som WMF-videoer til nedlasting)
- Heimasíða við føroyskum tónleiki (Heimeside med færøysk musikk)
| Germanske språk |
| Austgermansk: gotisk | krimgotisk | vandalisk | burgundisk |
| Nordgermansk: islandsk | færøysk | norn | norsk | dansk | svensk | rodi | romani |
| Vestgermansk: tysk | jiddisch | plattysk | frisisk | nederlandsk | afrikaans | engelsk | skotsk | langobardisk |