Félicien Rops

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Félicien Rops

Statsborgarskap Belgia
Fødd 7. juli 1833
Namur
Død

23. august 1898 (65 år)
Essonnes

Yrke kunstmålar, illustratør, karikaturteiknar, teikneserieteiknar, fotograf, grafikar, teiknar, biletkunstnar, grafikar, raderer
Språk fransk
Medlem av Les XX
Félicien Rops på Commons

Félicien Rops (7. juli 183323. august 1898) var ein målar frå Namur i Belgia. Han er særleg kjend for sine framifrå, erotiske raderingar og sitt nære samband med litteratur- og kunstrørslene symbolisme og dekadanse, to kulturretningar som sette sitt preg på dei siste tiåra av 1800-talet.

Antonius vert freista, 1878
Pornokrates, 1878

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Rops byrja tidleg å lage karikaturteikningar. Han studerte fyrst ved jesuitt-colleget i heimbyen Namur, der han vart utvist. Seinare studerte han kunst ved Athénée i same byen. Faren døydde 1849 og farbroren Alphonse tok då ansvar for den unge Félicien. År 1851 skreiv han seg inn på det frie universitetet i Brussel, for å studere filosofi og jus. Ved universitetet teikna han for ulike studentblad, og grunnla i 1856 eit tidsskrift for debatt om kunst og litteratur, i lag med Charles de Coster.

Rops var ein overbevist forkjempar for den frie kunsten, og var i 1868 med på danninga av Société libre des beaux-arts. I det selskapet deltok han, saman med mellom andre Louis Artan, Theodore Baron og Constantin Meunier, under den såkalla belgiske realismen sitt høgdepunkt.

Rops byrja tidleg å reise til Paris, der han budde fleire månader om året. Han interesserte seg mykje for raderingsteknikken, som han småningom fullkome lærde seg. Mellom 1854 og 1871 vart publisert 34 verk illustrerte av Rops, der i mellom Charles Baudelaire sitt berømte Les Fleurs du Mal, men også verk av Stéphane Mallarmé og Paul Verlaine. Sidan byrja han å reise rundt i Europa og USA for å gjere kunsten sin vidare kjend. 55 år gammal byrja han å arbeide med venen Rassenfosse, dei to fann i fellesskap opp ein mjuk lakk-type som dei kalla for ropsenfosse.

Rops stod i kontakt med mange av dei fremste litterære namna i samtida, folk som Théophile Gautier, Alfred de Musset, Stéphane Mallarmé, Jules d’Aurevilly og Joséphin Péladan. Han høyrde til i det dekadente «fin-de-siècle»-miljøet med sin undertrykte erotikk, og fascinasjon for det vonde og det forbodne; ein finn til dømes spor av satanisme i kunsten hans.

Dei fleste av Rops sine oljemåleri kan klassifiserast som realistiske. Han laga landskapsmåleri av høg kvalitet, men det er teikningane, litografia og raderingane hans som best gjev uttrykk for hans særeigne evner. I desse kunstformene skapte han det typisk «ropsiske» nakenbiletet, som mange hevda var lett foredla pornografi, men som også kan oppfattast som ei demaskering av hykleriet i det kringverande samfunnet, med sin dulde attrå. Samtidig finst det ei skarp psykologisk innsikt i verka; Sigmund Freud priste framstillinga av Antonius si freisting og fann den absolutt korrekt i psykoanalytiske termar. Kvinnegestaltane til Rops er forførarande, sterkt erotiske og tvitydige; både madonnaa og hora skimtar ein i uttrykket, ei på mange vis klar spegling av den moralske stemninga på 1800-talet.

Ettertida er delt i synet på Rops. Det er ikkje uvanleg å finne han redusert til dei useriøse kunstnarane sitt selskap. Men ingen er i tvil om hans framifrå tekniske dugleik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]