Fôrbete

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fôrbete

Bet fou.jpg

Vitskapleg namn
Beta vulgaris ssp. vulgaris (Crassa-gruppa)

(Beta burgundica Kern., Beta vulgaris L. subsp. rapacea (Koch) Döll., Beta vulgaris L. var. rapacea K. Koch, Beta vulgaris L. var. rapa Dum. forma alba, Beta vulgaris L. var. alba, Beta vulgaris L. var. crassa (Alef.) Wittm., Beta vulgaris L. var. crassa Mansf.

Utbreiing
Habitat: terrestrisk
Systematikk
Rike: Plantar
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Caryophyllales
Familie: Amaranthaceae
Slekt: Beta
B. vulgaris

Fôrbete (Beta vulgaris var. rapa) er ein varietet av bete (Beta vulgaris) som kan brukast til dyrefôr. Han har ei svært stor og tjukk rot i høve til andre betetypar, og den øvste delen er ofte overjordisk. Det finst ulike typar fôrbete som kan ha gul, raudgul eller raud rot. Både blad og rot fôrast til dyr, men rota kan lagrast over vinteren, til forskjell frå blada.

Hausting av fôrbete.
Ku som et fôrbete.

Fôrbete var ein viktig jordbruksplante i Europa og Nord-Amerika fram til midten av 1900-talet, men blei etter andre verdskrigen fortrengd av avlingar som er lettare å dyrka og lagra, som mais, soyabønner og liknande. I dag blir han hovudsakleg dyrka i Europa, i land som Frankrike, Danmark, Belgia, Tyrkia og Irland.

Sukkerbeten blei utvikla frå fôrbeten på 1700-talet. Fôrsukkerbete, som også ofte blir kalla fôrbete, er ei kryssing mellom fôrbete og sukkerbete. Medan fôrbeten inneheld ca. 15 % tørrstoff, har fôrsukkerbeten 17–19 % tørrstoff.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fôrbete

Kjelder[endre | endre wikiteksten]