Fôrhaustar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fôrhaustar (Serigstad).

Fôrhaustar er bakmonterte traktorreiskapar som vert nytta for å hausta gras som skal leggast i silo. Mange ulike typar forhaustarar er i bruk, frå enkle traktormonterte til store sjølvgåande maskiner.

Direktehaustarar[endre | endre wikiteksten]

Slått med forhaustar på Jomfruland.

Den enklaste forhaustartypen er direktehaustaren, som har ein knivsylinder som slår graset, hakkar det til bitar og bles desse opp i ein tilhengar. Desse haustarane er billige og robuste og det er denne typen som dominerer marknaden i Noreg.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Direktehaustarar har ein horisontalt opplagra sylinder med to, tre eller fire rekkjer med fritt hengsla knivar, som når sylinderen roterer med rundt 1500-1600 o/min, slår graset, kuttar det i stutte bitar og kastar det opp i ein tilhengar som er kopla til traktoren. Når sylinderen roterer står knivane i sylinderen radialt ut frå akslingen dei er festa på. Toppen av graset vert kutta når knivane på sylinderen passerer ein motkniv som er fast montert i framkant av slagsylinderen. Når maskina flyttar seg framover vert så stilken på graset kutta under motkniven. Dette fører til at graset vert kutta i bitar av ulik lengd. Arbeidsbredda varierer frå 1 til 1,5 m. Ettersom knivane er fritt hengsla vil dei gje etter om dei møter stein.

Den øvre delen på fôrhaustaren er utforma som ein vridbar tut, med ein klaff i enden, som styrer graset opp i tilhengaren. Tidlegare vart tuten og klaffen manøvrert manuelt frå førarplassen, med eit «styre», men i dag er det vanleg med elektro-hydraulisk styring.

Montering[endre | endre wikiteksten]

Fôrhaustarar av denne typen går på to, tre eller fire små gummihjul og vert kopla til traktoren med ei trekkramme som er montert i trepunktsopphenget. På denne ramma er det montert eit vinkeldrev som overfører effekt frå kraktuttaket på traktoren til fôrhaustaren. Det er òg ein ekstra kraftuttaksaksling på ramma for tilkopling av avlessarvogn. Fôrhaustaren er kopla til trekkramma med ei snøggkopling, slik at føraren kan kopla fôrhaustaren til eller frå utan å forlata førarhuset. Fôrhaustaren kan difor lett koplast frå og settast att når lasset vert køyrd til siloen.

Av di trekkramma sperrar tilgangen til trekkroken på traktoren er ho utstyrt med eigen trekkrok på baksida. Denne kroken står mykje lengre bak enn trekkroken på traktoren, så vektarma frå senter i bakakselen til kroken vert fleire gongar så lang som når kroken på traktoren vert nytta. Dette fører til større vektoverføring frå framakselen til bakakselen på traktoren. På traktorar utan firehjulsdrift kan dette betra framkomstevna, men det kan òg føra til at framenden vert for lett slik at det er naudsynt å setja på lodd framme eller vera klar til å nytta styrebremsene om ein køyrer utan. Det er likevel ikkje fare for at traktoren tippar over baklengs, ettersom trekkramma vil gå ned i bakken og hindra dette.

Bruk i bratt lende[endre | endre wikiteksten]

På brattlendte bruk kan det ofte vera vanskeleg å nytta tilhengar når det er regn og marka vert sleip. Hordaland Mekaniske VerkstedVoss utvikla difor Vossakasso, som vart festa på trekkramma til fôrhaustaren. Vossakasso fekk stor utbreiing på brattlendte bruk. På 1970-talet vart òg transporterar nytta ned fôrhaustar. Sidan desse har plass for lasteplan treng ein ikkje tilhengar. Transporterane er lågbygde, så stabiliteten er god sjølv med lass.

Tilsetting av konserveringsmiddel[endre | endre wikiteksten]

Ofte vert det tilsett maursyre til graset, frå ei plastkanne som vert plassert på fronten av fôrhaustaren. Syra er sterkt etsande, så det er viktig at maskina vert godt reingjort etter bruk og sett inn med olje.

Totrinnshaustarar[endre | endre wikiteksten]

Denne typen er svært lik direktehaustarar, men har to motknivar i framkant av sylinderen. Den fyrste motkniven har ei låg plassering tett inntil sylinderen. Dette fører til at graset vert trykt saman før det vert kutta. Dette resulterer i at graset får ei hardare handsaming, der det vert krasa og flisa opp til ein masse som er lettare å pakka i siloen. Serigstad MK 1340 er av denne typen.

Finsnittarhaustarar[endre | endre wikiteksten]

Hausting av skårlagt gras med sjølvgåande finsnittarhaustar (Claas).
Hausting av mais med sjølvgåande finsnittarhaustar (Claas).

Finsnittarhaustarar, òg kalla eksakthaustarar, er avanserte maskiner med stor kapasitet som kuttar graset med større presisjon enn direktehaustarane. Dei største maskinene er svært kostbare og krev tilsvarande store areal for at dei skal vera lønsame. Difor er det ofte maskinlag eller entreprenørar som kjøper dei, i staden for enkeltbønder. I Noreg har finsnittarhaustarar framleis lita utbreiing, men lenger sør i Europa og i Nord-Amerika har dei langt på veg fortrengt direktehaustarane.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Finsnittarhaustarar har anten eit skjerebord eller eit opplukkarbord, med større arbeidsbreidd enn knivsylinderen. Skjere- eller opplukkarbordet har ein skruv som samlar graset til same breidd som knivsylinderen og sender det til to materullar som pressar det saman til ein flat streng og fører det inn i knivsylinderen med konstant fart. Knivsylinderen har ikkje hengsla knivar som på direktehaustarar, men frå 5 til 12 rekkjer med faste knivar som kuttar graset mot ein fast montert motkniv[1]. Lengda på bitane avheng av matarfarten, periferifarten til sylinderen (typisk 2000 m/min, eller om lag 30 m/s) og talet på knivrekkjer. Snittlengda kan haldast tilnærma konstant og kan typisk justerast frå 5 til 65 mm [2]. Mange finsnitthaustarar her ei ekstra vifte som gjev graset god fart opp gjennom tuten, slik at det kan kastast langt og med stor presisjon. Finsnitthaustarar knuser graset til ein fin masse som er lett å pakka i siloen. Det er og lettare å pakka saman i tilhengaren, slik at ein kan få store lass.

Dei fastmonterte knivane er sårbare for stein og metallbitar. Det står difor ein metalldetektor i innmatingsrullane, som stoggar innmatinga om det er metallbitar i massen. Forutan å hindra skade på maskina vil metalldetektor òg hindra at metallbitar vert med inn i siloen. Det er viktig at kvivane er skarpe og mange maskiner har innebygd ein avlang slipestein av same breidd som knivsylinderen. Når knivane skal slipast vert sylinderen køyrt sakte i motsett retning og slipesteinen vert senka ned på knivane.

Finsnittarhaustarar er tilgjengelege både for traktor og som sjølvgåande maskiner. Traktormonterte maskiner kan vera slepemaskiner eller frontmonterte. Desse maskinene er mykje større enn direktehaustarane som vert nytta i Noreg og høver best der det er flatt. Å finknusa rått gras krev stor effekt, så det vert ofte nytta store traktorar. Slepehaustarar har tilhengarfeste bak, men for å sleppa til og fråkopling er det vanleg at ein traktor med tilhengar, eller lastebil, køyrer ved sida og samlar opp fôret.

Sjølvgåande maskiner vert produserte i mange storleikar, med arbeidsbreidder heilt opp til 10 m og motoreffekt opp til 750 kW (1000 hk). Sjølvgåande maskiner har temperaturregulerte og lydisolerte førarhus av same type som på skurtreskarar.

Skjere/oppsamlarbordet[endre | endre wikiteksten]

I mange land er det vanleg å slå graset og legga det i skårar for å lata det tørka noko før det vert lagt i silo. For å ta att graset vert haustaren utstyrt med eit oppsamlarbord, av same type som på sjølvlastarvogner. Andre vekster, som til dømes korn, durra, mais og raps vert hausta med spesialtilpassa skjerebord. Det er òg utvikla universalskjerebord, med roterande skiver. Nokre produsentar kan òg levera skiveslåmaskiner som kan monterast i staden for skjerebord, slik at same maskin kan nyttast som slåmaskin. Ved at maskina kan nyttast til fleire operasjonar er det lettare å forsvara investeringa i slike kostbare haustarar.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste fôrhaustarane vart laga i USA1940-talet,[3] og somme av dei fyrste europeiske makinene vart produserte på lisens. Det var til dømes tilfellet for den danske fôrhaustaren Taarup, som kom på marknaden i 1957[4]. JF i Danmark tok til å produsera fôrhaustarar i 1952. Serigstad MaskinverkstedJæren tok til å laga fôrhaustarar i 1960. Andre kjende merke var Lundell, Tive og Holbaek.

I Noreg vart fôrhaustaren vanleg om lag midt på 1960-talet[5]. Han revolusjonerte slåtten og førte til at det vart slutt på hesjing. I fjordbygdene på Vestlandet førte det våte klimaet ofte til at halvtørre hesjer kunne verta heilt eller delvis gjennomvåte fleire gonger etter som regnskurar kom og gjekk. Dette reduserte kvaliteten på høyet, og i regnfulle sumrar kunne det føra til store økonomiske tap. Mange hadde difor delvis gått over til å leggja noko av avlinga i silo, men før fôrhaustaren kom var det naudsynt med fleire arbeidsoperasjonar for å gjera dette: slått med slåmaskin, samanraking og transport med silosvans, tilsetting av maursyre, osb. Ettersom graset hadde full lengd og ofte var samanfiltra, var det tungt å få draga det ut av svanselasset og leggja det jamnt i siloen.

Innføringa av fôrhaustaren førte til at siloslåtten kunne gjerast unna mykje snøggare enn før. At graset vart hakka opp i korte bitar gjorde at det vart mykje lettare både å jamna det utover i siloen og å ta det att om vinteren. Kvaliteten på fôret vart òg betre. Mot slutten av 1960-talet og byrjinga av 1970-talet vart det bygd nye siloar over heile landet og hesjinga tok slutt. I mange land tok finsnittarane over for fôrhaustaren, men i Noreg har fôrhaustaren vist seg meir seigliva.

Sjølv om det fyrst og fremst var jordbruket i Noreg som har nytt godt av fôrhaustaren fekk han òg ein verknad for industrien. Serigstad MaskinverkstedBryneJæren tok til å produsera fôrhaustarar i 1960[6] og har sidan produsert over 32000 fôrhaustarar[7]. Vossakasso, som vart produsert av Hordaland Mekaniske VerkstedVoss, kom òg til som eit resultat av utbreiinga av fôrhaustaren.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Culpin, T., Farm Machinery, 10. etg., Granada, 1981.
  2. Bell, B., Farm machinery, 4. utg., Farming Press, 1996.
  3. Moberg, H.A., Jordbruksmekanisering i Sverige under tre sekel, Kungl. Skogs- och Lantbruksakademien, 1989.
  4. Taarup Maskinfabrik i 125 år, Dansk Veteran Traktor Klub. (vitja (1/5-2007)
  5. Fykse, S.T., Fjordabonden - Frå stuttorv og sigd til rundballar og reiseliv, Hardangerforlaget, 2003.
  6. Jøssang, L.G., Industrieventyret på Jæren 1800-2000, Det Norske Samlaget, 2004.
  7. Bedrifts info Arkivert 2008-02-19 ved Wayback Machine., Serigstad Agri AS. (vitja 1/5-2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fôrhaustar