Fødd utanfor ekteskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Orphans (1885) av Thomas Kennington. Å vera fødd utanfor ekteskap kunne lett bli det same som å vera foreldrelaus.

Å vera fødd utanfor ekteskap vil seia å vera fødd utan at foreldra har noko formelt band til kvarandre. I kulturar som legg stor vekt på ekteskap kan dette vera ei hindring for dei som er fødde i ein slik situasjon, både når det gjeld sosialt liv, formelle rettar og identitet. I samfunn med andre familienormer har fødselsstatusen til ein person mindre å seia.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Medan ein lett kan vita kven som er mor til eit barn, er det vanskelegare å slå fast kven faren er. Mange stader er ekteskap derfor blitt brukt for å stadfesta farskapen til ungane som blir fødd inn i det, noko som igjen har gjeve dei vern og ein plass i samfunnet.

Ungar som blir fødde av ugifte mødre har dermed ofte falle utanfor. Dei som veks opp med berre ein forelder har ikkje den same støtta, i barndommen eller seinare, som dei som to har ansvaret for. Vidare har dei ofte ikkje hatt arverett etter foreldra fordi dei var «illegitime» eller «uektefødde».

Dei som er fødde utanfor ekteskap er ofte blitt stigmatiserte, både i barndommen og som vaksne. I samfunn der samleie utanfor ekteskapet blir sett på som synd har ofte dei fått noko av skulda for opphavet sitt.

Følgjer[endre | endre wikiteksten]

Dom Sierot, ein jødisk barneheim i Warszawa fotografert på 1930-talet.

Mange stader har det vore vanleg å gje frå seg uektefødde ungar til barneheimar der dei blei tekne hand om til dei var store nok til å arbeida, viss dei overlevde. Ein kunne òg setta vekk ungen til fosterforeldre, anten framande eller slektningar. På nittenhundretalet blei det vanleg for ungar fødd utanfor ekteskap å bli adopterte.

Medan den katolske kyrkja stod for talrike barneheimar drivne av munkar og nonner, satsa protestantismen, som ikkje hadde noko klostervesen, gjerne på at den ugifte mora sjølv skulle ta hand om ungen for å gjera opp for syndene sine. I moderne tid fekk ein òg statlege institusjonar der såkalla foreldrelause, men i regelen uektefødde, ungar kunne veksa opp.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

For å hjelpa fattige åleinemødre gav fleire styresmakter etter kvart påbod om at barnefaren hadde plikt til å forsørgja dei. I 1763 blei til dømes kjende barnefedrar i Danmark-Noreg pålagde å bidra til ungen var ti år gammal. Seinare kunne fedre som nekta å gjera dette hamna på tukthuset.

Dei fleste uektefødde ungar voks likevel opp i fattigdom, og på nittenhundretalet prøvde ein å gjera noko med dette ved å oppfordra eller tvinga ugifte mødre til å adoptera vekk ungane sine.

I dei siste tiåra er det i Vesten blitt meir og meir vanleg å få ungar utanfor ekteskap og fostra dei opp sjølve, utan noko særleg stigma. I 2003 var heile 50 % av norske ungar fødde utanfor ekteskap, dei fleste likevel i eit sambuarskap.

Systemet som favoriserer ektefødde barn er blitt endra i mange land, mellom anna Noreg. Farskap er basert på biologiske fakta heller enn ekteskap, og fedre har rettar og plikter overfor barna sine enten dei er gifte med mora eller ikkje.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Pave Klemens VII var ein uektefødd Medici, og blei likevel pave.
«Prinsane i tårnet», sønene til Edvard IV av England og Elizabeth Woodville, blei med eitt kjende som uektefødde gjennom parlamentsvedtaket Titulus Regius.

Folk som er fødd utanfor ekteskap er blitt haldne utanfor visse stillingar, til dømes kunne dei lenge ikkje bli ordinerte som prestar i den katolske eller anglikanske kyrkja. Dei er fortsatt utestengde frå visse konservative religiøse brorskap, som Opus Dei. På den andre sida har ulike biskopar og prestar som eigentleg skulle levd i sølibat fått ungar, kalla dei nevøar eller liknande, og sytt godt for dei.

Korea[endre | endre wikiteksten]

Det koreanske samfunnet er basert på mannlege familieoverhovud som blir førte opp i særskilde familieregister. Farlause ungar er ikkje del av noko slikt register, og kan få problem med å finna jobbar eller ektefellar.

Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

I engelsk Common law hadde uektefødde fram til 1969 ingen rett til å arva foreldra. Eigedom måtte testamenterast til dei som om dei var framande.

Tilbakeverkande kraft

Det var lenge slik at ein såkalla bastard kunne bli rekna som ektefødd dersom foreldra seinare gifta seg. Dette gjaldt berre dersom dei kunna vore lovleg gifte då ungen blei fødd. Dersom faren var gift på anna hald hjelpte altså ikkje seinare giftarmål. Dersom eit ekteskap seinare blei kjend ugyldig ville òg ungane automatisk bli uektefødde.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Eit særtilfelle av norske ungar fødde utanfor ekteskapet var såkalla tyskarungar, barn fødde av norske kvinner og tyske soldatar. I desse tilfella hadde mora brote ikkje berre den vanlege norma om ikkje å ha samleie utanfor ekteskapet, men òg den om ikkje å ha kontakt med fienden. Ungane som blei igjen etter soldatane blei straffa for denne doble synda. I tida etter den andre verdskrigen opplevde dei å bli sette ned på, mobba og gjerne mishandla.

Kjende folk fødd utanfor ekteskap[endre | endre wikiteksten]