Føderalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Føderalisme (av latin foedus, foedera, «forbund») er eit organisasjonsprinsipp og ein politisk filosofi. Som organisasjonsprinsipp inneber føderalisme at organisatoriske einingar med ein viss grad av autonomi er bundne saman med ei felles leiing. Mange statar i verda har ein føderal struktur, t.d. Sambandsstatane og Tyskland. Mange meiner òg at EU liknar ein føderalstat.

I ein føderalstat er føderalisme ei politisk retning som vil ha større grad av sentralstyring og tettare integrasjon.

Anarkistisk føderalisme[endre | endre wikiteksten]

Det føderative organisasjonsprinsippet i anarkismen inneber at ulike grupper samorganiserer seg til ein føderasjon når dei har felles trong for det. Dette medfører at nokre føderasjonar har kort levetid, medan andre har lang levetid. Ikkje alle føderasjonar er geografiske, men er sette saman av folk frå ulike geografiske område som har felles interesse(r).

Ei gruppe har rett til å stille seg utanfor (derfor blir òg ordet konføderasjon nytta), og ho held på retten til eigne avgjersler innanfor føderasjonen i alle spørsmål med unnatak frå dei som føderasjonen er laga for. Inga gruppe kan handle i strid med avgjersler som er tatt i fellesskap, på ei anna side kan ikkje eit sentralt organ tvinge eller stenge vegen for dei lokale gruppene så lenge dei handlar i eigne saker, under eige ansvar og med eigne ressursar.

Ein konsekvens av føderalisme er mangel på standardprosessar som passar for avgjersler for kvar type spørsmål, men ein samarbeider i kvar einskild sak med dei som har interesse av nettopp den aktuelle saka.

Ikkje alle saker kan finne ei løysing på lik linje lokalt, i lokale institusjonar og prosessar, i alle kommunar, ─ det finst også nasjonale oppgåver, regionale oppgåver, kommunale oppgåver, grendeoppgåver, bydelsoppgåver, og individuelle oppgåver.

Målet er at menneske og grupper sluttar seg saman kor dei finn det ønskeleg og naturleg, at dei sluttar seg saman i større einingar og delegerer noko av makta si oppover om nødvendig. Det er altså ikkje sentrale organ som delegerer makt til lokale organ, men folk frå lokale organ som kjem saman og delegerer noko av makta si til felles organ; til dømes eit interkommunalt busselskap, eit nasjonalt kredittfond, eit nasjonalt arbeidarråd osb.

«Anarkiet» er da eit fritt samfunn bygd på samvirke, arbeidarane sin kontroll over produksjonen, føderalisme og desentralisering som middel til å omforme samfunnet, kommunen og arbeidarkollektivet som sentrale sosiale einingar, avskiping av landegrenser og nasjonalstatar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • snl.no
  • caplex.no
  • Artikkelen «Anarkisme» på bokmålprosjektet av Wikipedia, slik artikkelen var der 2. september 2007. Han viser vidare til desse kjeldene:
    • Frihetlig.org – Norsk nettstad med libertært lesestoff
    • Harald Fagerhus, Anarkismen og syndikalismen i Norge gjennom 150 år.