Fødsel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fødande bladlus.

Fødsel viser til når eit foster kjem ut frå mororganismen, og blir ofte rekna som byrjinga på livet. Dei fleste pattedyr og andre vivipare eller ovovivipare dyr – nokre amfibium, reptilar, fiskar og virvellause dyr – føder levande barn. Under ein pattedyrfødsel blir livmora tømd for innhald: Fostervatn, foster og det som måtte vera av etterbyrd, som morkake, hinner og væske. Normalt har ein fødsel tre fasar – opning av fødselskanalen, utdriving av foster, og etterbyrdstida.

Menneske føder ofte med hjelp. Illustrasjon frå eit arabisk manuskript av Yahyâ ibn Mahmûd al-Wâsitî frå 1237.

Fødsel er ein stor overgang for eit foster, som går over frå å ha blitt verna og næra av mora sin kropp til å pusta, ta til seg næring og vera i verda på eiga hand. Særleg barnefødsel blir rekna som ei særs viktig hending som menneske knyter ei rekkje skikkar til, som skriving av fødselsattest og feiring av fødselsdag. Ordet fødsel kan også brukast i overført tyding om byrjinga til noko, som «fødselen» til ein himmellekam, ein tankeretning eller ei politisk hending. Det kan ha ei religiøs tyding, som i tanken om å bli «fødd på ny» i kristendommen og «annan fødsel» i hinduismen.

Dei fleste fødslar hjå menneske og dyr går føre seg utan større problem, men dei kan opplevast som smertefulle og skremmande. Til tider kan det vera vanskar med å få fosteret ut, slik at ein må hjelpa eller tvinga det ut på ulike måtar. Eit anna mogleg problem er forlenga bløding etter fødselen. Av desse grunnane er det vanleg med medisinsk tilsyn ved fødsel hjå menneske og nokre husdyr, av jordmor, lege eller dyrlege. Hjelparar kan også ta seg av fødande og nyfødde under og etter fødselen.

Fødselsforløp hjå pattedyr[endre | endre wikiteksten]

Kattefødsel under utdrivingstida.

I pattedyr blir ein fødsel normalt sett i gang ved enden av eit svangerskap, når fosteret er fullbore, gjennom frigjering av hormonet oksytocin. Ein fødsel som tek til noko før fosteret er fullbore blir kalla for tidleg eller prematur fødsel.

  • Første delen: Opningstida

Den første og lengste delen av ein fødsel opnar fødselskanalen gjennom rier. Livmorhalsen (cervix) blir utvida og mormunnen opner seg. Mot slutten av denne fasen går livmorhola, livmorhalsen og skjeden i eitt. No er det vanleg at fosterhinnene brest og fostervatnet tek til å renna ut, sjølv om dette også kan skje tidlegare i fødselen.

  • Andre delen: Utdrivingstida

I utdrivingsfasen blir fosteret drive ut av mora gjennom kraftige og hyppige rier. Musklar i bukveggen og livmora pressar gradvis fosteret ut fødselskanalen. Blautdelane i fødselskanalen, særleg bekkenbotnen, blir tøygde til fosteret kan fødast.

Menneskefoster kjem vanlegvis ut med hovudet først, resten av kroppen litt seinare. Andre dyr kan fødast i lengdeleie, det vil seia med ryggen først. Placentale pattedyr er framleis festa til mora gjennom navlestrengen som forbind dei med morkaka (placenta).

Mor og barn under etterbyrdstida. Mora steller ungen som framleis er festa til morkaka inne i mora med navlestrengen.
  • Siste delen: Etterbyrdstida

Væsker, fosterhinner og andre restar blir støytte ut under siste delen av fødselen. I placentale pattedyr losnar morkaka frå livmorveggen og blir fødd som etterbyrd. Såret etter morkaka gjev ei bløding som kjem som utflod saman med fosterhinner og resten av væskene frå livmora. Pungdyr føder mindre utvikla barn som etter andre del av fødselen set seg ved ein patte i mora sin pung og utviklar seg vidare.

Etter fødselen er det vanleg å stella den nyfødde og bita eller klippa av navlestrengen. Dyr slikkar ofte avkommet medan menneske gjerne vaskar og masserer spedbarna sine.[1]

Andre fødslar[endre | endre wikiteksten]

Ein skil mellom vivipare dyr, der foster har utvikla seg i livmora og fått næring frå mora, og ovovivipare, der dei utviklar seg inni egg i livmor eller eggleiarar, og hovudsakleg får næring frå sin eigen plommesekk. Egga til ovovivipare dyr har gjerne svake skal eller hinner, og kan klekka før, under eller etter fødselen. Det kan vera vanskeleg å skilja mellom dei ulike formene for fødsel, fordi mororganismen kan tilføra ulik grad av næring også hjå ovovivipare dyr. Ein art kan også ha fleire former for fødsle. Kakerlakkar, til dømes, legg først og fremst egg, men desse kan i sjeldne høve klekka før legging og slik gje ein ovovivipar fødsel.

Etter fødselen vil mange levandefødde barn forlata foreldra med ein gong, men nokre stader blir dei teke vare på. Skorpionar ber til dømes med seg ungane fram til første hamskifte.[2]

Tid[endre | endre wikiteksten]

Tida på fødslar varierer mellom artar og individ. Dyr som vanlegvis føder store kull, føder gjerne lett og raskt. Hund, katt og gris har til dømes ofte fødslar som var 1-6 timar, sjølv om dei også kan vara i 18-24 timar. Utdrivingsfasen kan vara 1/4–½ hjå hopper, 1/4–2 timar hjå sau og geit, og rundt 3 timar for kyr. Fødselslengd hjå kvinner er omdiskutert fordi ein ikkje har ein klar definisjon på kva tid fødselen tek til. Opningstida blir gjerne delt i ein latent fase med svake rier og ein aktiv fase med opna mormunn der riene er sterkare, og varer i eitt oversyn i gjennomsnitt 8,5+5,0 timar hjå førstegongsfødande og 3,0+2-3 timar hjå kvinner som har fødd tidlegare. Utdrivinga tek gjerne 45-95 minutt hjå førstegongsfødande og nokre få minutt til ein halvtime hjå kvinner som har fødd tidlegare.[3]

Etterbyrda blir utstøytt rundt 15–30 minutt etter fødselen hjå menneske og hestar. Drøvtyggarar støyter gjerne ut etterbyrda ½–6 timar etter fødselen.

Vanskar[endre | endre wikiteksten]

Keisarsnitt er blitt ei vanleg løysing på fødevanskar.

Mange større og små problem kan oppstå under ein fødsel, og det er utvikla fleire måtar å hanskast med dei på. Ei uvanleg stilling kan til dømes skada eller stoppa fosteret på vegen ut. Seteleie, der føtene kjem først, er ei atypisk stilling hjå menneske og husdyr som kan gje ein vanskeleg fødsel, men er normalt i andre dyr. Tverrleie, det at fosteret ligg på tvers, gjer vanleg fødsel umogleg. Problem med fosterstilling kan ofte førebyggast før fødsel gjennom massasje eller ulike stillingar. Elles blir foster i vanskelege stillingar blir, særleg hos kvinner, ofte forløyst gjennom ulike inngrep, som fødselstang, sugeklokke, vakuumekstraktor, og i nyare tid stadig oftare keisarsnitt.

Nokre fødande kvinner kan oppleva intense smerter under fødselen, og det finst ei rekkje ulike middel mot dette, sjå barnefødsel.

Sørleg elefantsel (Mirounga leonina) føder omgjeven av andre hoselar.

Tryggleik[endre | endre wikiteksten]

Ein fødsel sett både mor og barn i ei utsett stilling. Mora kan ikkje flykta frå farar medan ho før, medan den nyfødde kan ha problem med å røra seg etter fødselen. Dyr kan fylla tryggleikshøvet på ulike måtar, anten ved å føda åleine, ved tider og stader der andre dyr sjeldnare er på rov, eller ved å føda omgjeven av ein vernande flokk.[4] Menneske liker gjerne selskap under førstedelen av ein fødsel, og ro under andre. Kunnskap om og ei kjensle av kontroll over det som skjer kan også letta fødselen.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Lindburg, D. G.; Lester; Dessez; Hazell (1972), «Licking of the Neonate and Duration of Labor in Great Apes and Man», American Anthropologist, New Series 74 (3): 318-325, ISSN 00027294 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fødsel