Fødselsdag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jente med fødselsdagskaka si.
Foto: Mathew Ingram
Wir gratulieren zum Geburtstag av Carl Johann Lasch (1822–1888)
Gåver frå ein bursdag.
Foto: Pavel Ševela

Fødselsdag eller (ge)bursdag er nemninga nytta for datoen ein vart fødd, og blir ofte rekna som ein spesiell dag. Særleg i vestleg kultur er det vanleg å markera denne datoen. Fødselsdagar tidleg i livet og i samband med «runde» tal blir gjerne feira særskilt. Ein kan feira fødselsdagar med til dømes gåver, god mat, selskap, flagging, gratulasjonar og religiøse seremoniar for den som fyller året.

Andre måtar å rekna fødselsdagar på er ved byrjinga av stjerneteiknet sitt kvart år, som i hinduisk tradisjon, eller ved kvart nyttår, som i kinesisk.

Fødselsdagsfeiring[endre | endre wikiteksten]

I store delar av verda er det vanleg å feira fødselsdagen med gratulasjonar, som blir sagt, sungne eller gjevne på helsingskort, gåver, som leiker til ungar eller blomar til eldre, god mat, som fødselsdagskake, ein middag bursdagsbarnet har ønska seg eller ein tur på restaurant. Det er vanleg å ha levande lys på kaka som bursdagsbarnet skal blåsa ut; på restaurantar bruker ein ofte stjerneskot i staden. Andre symbol på dagen kan vera flagging eller pynting med ballongar, konfetti og liknande. Ungar feirar ofte dagen med barneselskap.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Fødselsdagsfeiring har ei lang historie, og er knytt til magi og folketru der gratulasjonar, gåvegjeving og andre symbolske handlingar skulle verna bursdagsbarnet mot vonde krefter. Det er framleis vanleg å ønskja fødselsdagsbarnet eit langt liv på fødselsdagen, som i den svenske fødselsdagssongen «Ja, må han leva [uti hundrade år]».

Storstilte fødselsdagsfeiringar blei truleg spreidde i Europa av romerske soldatar som dyrka Mithras. Feiringa kan ha blitt påverka av mellom anna saturnaliafeiringa. Fram til 300-talet blei feiringa forkasta av kristne som ein heidensk skikk. Før reformasjonen feira ein heller dåpsdagen (som namnedag) enn fødselsdagen sin i dei skandinaviske landa. Fram til 1814 var det berre dåpsdagen som vart oppført i dei dansk-norske kyrkjebøkene, ikkje fødselsdatoen. Ein del kristne feirar framleis ikkje fødselsdagar, mellom anna Jehovas vitne.

Markering i hinduismen[endre | endre wikiteksten]

I hinduisk tradisjon blir eittårsdagen feira med ein ayusjahomam, eller offerseremoni, for barnet, som også ofte blir snauskalla og/eller får hol i øyrene. Sekstiårsdagen er også ein viktig fødselsdag som blir markert med ein sjasjtiabdapurthi-seremoni som kan innebera at mannen som fyller året går gjennom ein ny ekteskapsseremoni med kona si.

Viktige fødselsdagar[endre | endre wikiteksten]

Fødselsdagskake for ein nittifemåring.

Nokre fødselsdagar blir rekna som viktigare enn andre. Dette gjeld til dømes eittårsdagen, myndigheitsdagen (til dømes 18 eller 21) og «runde tal».

Det er tale om ein «rund» fødselsdag når alderen kan delast på 10 eller 25. Runde fødselsdagar på 25 år eller meir vert ofte markert gjennom ein større fest. Tiårsfødselsdagar blir også ofte sett på som viktigare enn vanlege fødselsdagar fordi skilnaden frå til dømes trettiåra til førtiåra markerer aldringsprosessen.

I hinduisk tradisjon er eittårsdagen ein viktig fødselsdag der ein legg grunnlaget for eit langt og lukkeleg liv. Sekstiårsdagen er også ein viktig fødselsdag fordi ein då er halvvegs til 120, som blir rekna som den perfekte alderen å oppnå.

Fødselsdagen til personar ein reknar for viktige blir særskilt feira. Dette gjeld særleg religiøse personar, som Zarathushtra, Krisjna, Jesus og Bahaullah, og herskarar, som i Nederland der ein feirar Koninginnedag til minne om tidlegare dronning Juliana, eller Thailand, der fødselsdagen til kongen er nasjonaldag.

Særskilde fødselsdagar[endre | endre wikiteksten]

Viss ein er fødd 29. februar kan ein eigentleg ha fødselsdag berre når det er skotår, dvs. kvart fjerde år. I praksis feirar ein likevel dagen anten 28. februar eller 1. mars.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fødselsdag