Følbar varme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Følbar varme er potensiell energi i form av termal energi eller varme. Dette er energi som er knytt til molekylrørsla i ein lekam, som er ein del av den indre energien. Om trykket eller volumet til ein «pakke med tørr luft» er konstant, er temperaturen eit direkte mål for den indre energien i pakken.[1]

Den termale lekamen må ha ein temperatur som er høgare enn omgjevnadane (sjå òg latent varme). Denne varmen kan transporterast via konduksjon, konveksjon, stråling eller ein kombinasjon av desse. Mengda eller storleiken av den følbare varmen er eit produkt av massen til lekamen, den spesifikke varmekapasiteten til lekamen og temperaturen til lekamen over ein referansetemperatur. I mange tilfelle er referanse temperaturen rekna som lufttemperaturen i omgjevnaden eller «romtemperaturen».

der Q er følbar varme, m er massen til lekamen, c er spesifikk varmekapasitet, T er temperaturen til lekamen og T0 er referansetemperaturen.

Dette tyder meir eksplisitt varmen som vert tilført ein lekam når lekamen er i ein slik tilstand at denne varmen ikkje vert omforma til latent varme, eller energi som vert tilført ikkje vert brukt opp til å endre tilstanden til systemet (som i latent varme).

I atmosfæren vert storskala transport av varme frå tropane til polområda påverka av følbar varme i form av varmluft som flyttar seg mot polane, og av latent varme i form av kaldluft som flyttar seg mot ekvator. Denne rørsla vert hovudsakleg driven av syklonisk blanding i ferrelcellene på midlare breidde. Sistnemnde er assosiert med faseendringar i atmosfærisk vassdamp, hovudsakleg fordamping og kondensasjon.

Varmen som vert tilført eller fjerna kan målast ved temperaturendringa i ei væske i ein varmemålar.

Varmen som må til for å endre temperaturen i eit stoff vert kalla følbar varme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Kjelder i teksten[endre | endre wikiteksten]

  1. Kåre Utaaker (1991). Mikro- og lokalmeteorologi - Det atmosfæriske miljø på liten skala. Bergen: Alma Mater. ISBN 82-419-0063-5.