Føniksordenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Denne artikkelen handlar om organisasjonen. For den femte boka med same namn, sjå Harry Potter og Føniksordenen.
Føniksordenen
Frå bokserien om Harry Potter
Hovudkvarter 12 Grimmauld Place (i bok fem og seks)
Hiet (i bok sju)
Leiar(ar) Albus Humlesnurr
Intensjonar Å hindra Voldemort frå sine planar om verdsherredøme
Fiendar Voldemort og dødsetarane
Tidlegare: Magidepartementet
Fyrste opptreden Harry Potter og Føniksordenen

Føniksordenen (engelsk Order of the Phoenix) er ein fiktiv organisasjon i bokserien Harry Potter av J.K. Rowling. Organisasjonen blei skipa av Albus Humlesnurr for å nedkjempa Voldemort og dødsetarane. Boka Harry Potter og Føniksordenen har namnet sitt etter organisasjonen.

Organisasjonen blei til under dei fyrste herjingane til Voldemort, før han sporlaust forsvann etter å ikkje ha klart å drepa Harry Potter, som då var éitt år. Då han stod opp frå ein tilstand nærmast lik død mot slutten av den fjerde boka, Harry Potter og ildbegeret, blei organisasjonen gjenoppretta. Dette skjedde på berre rett under timen etter at det hadde skjedd, då Harry Potter sjølv overlevde, og kunne fortelja Dumbledore om kva som hadde skjedd. Trolldomssamfunnet trudde ikkje det kunne vera sant då Potter fortalde historia, noko som tvinga organisasjonen til å arbeida skjult for Magidepartementet heilt fram til slutten av bok fem, då ein stor kamp med Voldemort, dødsetarane og Føniksordenen i sjølve departementet fekk dei til å innsjå at dei tok feil.

Medlemmer i den opphavlege ordenen[endre | endre wikiteksten]

Jakob Potter[endre | endre wikiteksten]

Jakob Potter (engelsk: James Potter) (1958-1981) var faren til Harry Potter i serien Harry Potter. Han var gift med Lilly Potter. Jakob var ein dyktig trollmann, og eit respektert medlem av Føniksordenen. Dei beste venene hans var Sirius Svaart, Remus Lupus og Petter Pittelpytt, medan han var uven med Severus Slur, som han ofte dreiv gjøn med i ungdommen. I 1981 vart han og Lilly drepne av Fyrst Voldemort i eit forsøk på å ta livet av den då eitt år gamle sonen Harry.

På andre språk[endre | endre wikiteksten]

  • Jakob Potter
    • Engelsk: James Potter
    • Bulgarsk: Джеймс Потър
    • Kinesisk (PRC): 詹姆·波特
    • Kinesisk (Taiwansk): 詹姆.波特
    • Nederlandsk: James Potter
    • Fransk: James Potter
    • Tysk: James Potter
    • Moderne gresk: Τζέιμς Πότερ
    • Indonesisk: James Potter
    • Italiensk: James Potter
    • Japansk: ジェームズ・ポッター
    • Latvisk: Džeimss Poters
    • Polsk: James Potter
    • Portugisisk (Brasil): Tiago Potter
    • Russisk: Джеймс Поттер (Dzheyms Potter)
    • Serbisk: Džejms Poter
    • Slovakisk: James Potter
    • Thai: เจมส์ พอตเตอร์
    • Walisisk: Iago Potter

Lilly Potter[endre | endre wikiteksten]

Lilly Potter (født Lilly Eving)(engelsk: Lily Potter/Lily Evans) var mora til Harry Potter i bøkene om Harry Potter. Ho var gift med Jakob Potter. I boka levde Lilly Potter frå 1960 til 1981

Foreldra til Lilly var gompar (ikkje-magikarar). Lilly var ein flink student ved Galtvort, og særleg Eliksir-læraren Professor Snilehorn var særs nøgd med henne. Ved Galtvort trefte ho Jakob, som ho seinare gifta seg med. Ho vart drepen av Fyrst Voldemort i eit forsøk på å ta livet av sonen Harry. Ved å ofra sitt eige liv for å berga Harry, gav ho han eit vern mot Voldemort, slik at han ikkje kunne skada Harry. Etter at Lilly døydde, vart Harry levert til systera hennar, Petunia.

På andre språk[endre | endre wikiteksten]

  • Lilly Potter
    • Engelsk: Lily Potter
    • Bulgarsk: Лили Потър
    • Kinesisk (PRC): 莉莉·波特
    • Kinesisk (Taiwansk): 莉莉.波特
    • Tsjekkisk: Lily Potterová
    • Nederlandsk: Lily Potter
    • Fransk: Lilly Potter
    • Tysk: Lilly Potter
    • Moderne gresk: Λίλι Πότερ
    • Indonesisk: Lilly Potter
    • Italiensk: Lily Potter
    • Japansk: リリー・ポッター
    • Latvisk: Lilija Potera
    • Polsk: Lily Potter
    • Portugisisk (Brasil): Lílian Potter
    • Russisk: Лили Поттер (Lili Potter)
    • Serbisk: Lili Poter
    • Slovakisk: Lily Potterová
    • Thai: ลิลี่ พอตเตอร์
    • Walisisk: Lili Potter

Remus Lupus[endre | endre wikiteksten]

Remus Lupus
Art menneske og varulv
Kjønn Mann
Lojalitet Føniksordenen, Galtvort og Lupus-familien.
Fyrste opptreden Harry Potter og fangen fra Azkaban


Remus Johannes Lupus (10.mars 1960 - 2.mai 1998), også kjent som Luna er ein karakter i Harry Potter-serien. I filmane blir Lupin spelt av David Thewlis.

Lupus blir fyrst introdusert i Harry Potter og fangen fra Azkaban, som Harry sin nye lærar i forsvar mot svartekunster-faget på Galtvort. Han er halvblods, og seinare varulv. Når han kom til Galtvort blei han plassert i huset Griffing, saman med Jakob Potter, Sirius Svaart og Peter Pittelpytt, som blei hans beste vener på Galtvort. Mens han var her, var han ein av Marauders, som var desse fire venene. Dei laga urkruttkartet og blei saman animagusar (utanom Remus, sidan han allereie var varulv, men venene ville bli dyr så dei kunne vere med han når han var forvandla). Etter Galtvort blei Lupus med i Føniksorderen, ettersom det ikkje vart særleg enkelt å skaffe seg ein jobb når ein er ein varulv. Han mista alle sine vennskap under Den Fyrste Trollmanskrigen. Seinare gjenoppretta han venskapet sitt med Sirius Svaart. Remus hambuse er fullmåne, og kva type stav han har er ukjend.

Remus voks opp hos Herr og Fru Lupus, men det er ikkje mykje kjend om hans barndom som menneske. På 1960-talet klarte Herr Lupus å få irritert varulven Fenris Vargar på seg, som gjorde at han kom etter Remus. Foreldra var fortvila over skjebnen til sonen, men ettersom det ikkje er noko å gjere med varulvforbanninga, kunne dei ikkje forsvara han. Foreldra var usikre på å sende Remus til Galtvort grunna tryggleiken til andre elevar, men Albus Humlesnurr ville med eit par vilkår la Remus med glede komme og studere magi på Galtvort. Han måtte gøyme at han var varulv, og kvar fullmåne måtte han seie han blei sjuk eller måtte vitje si sjuke mor. I røynda gjekk han i dekning for at ingen skulle bli bitt av han når han var i ulveham. Kvar fullmåne fylgde Madam Pomfritt Remus til prylepila (som blei plante det året han kom til Galtvort på grunn av han ), så han kunne følgje tunnelen til hylehuset og at han gøymte seg der. Det vart kalla hylehuset fordi folk høyrte hyl frå huset. Dei trudde det var vonde ånder, men kom frå varulven Remus. Men oppveksten til Remus var ikkje enkel. Sidan han ikkje fann nokon menneske å angripe eller gå laus på, byrja han å klore og bite seg sjølv. Som varulv gløymte han kven han var. Når venene til Remus fann ut at han var varulv, blei dei ikkje sinte eller redde, men bestemte seg altså for å bli animagusar så dei kunne vere med han og halde han i sjakk.

Dei utforska Galtvort- og Galtvang- området meir enn nokon sannsynlegvis nokon gong har gjort. Men Remus fortalde ikkje Humlesnurr om at venene trente seg opp til animagusar, og at han utnytta Humlesnurr sitt tolmod og forståing, til å la han få gå på Galtvort. Seinare hadde Lupus alltid skuldkjensle for dette. Som vaksen blir Lupus professor ved Galtvort.

Harry møter for fyrste gong Professor Lupus på Galtvortekspressen når han må dele kupé med han, Ronny og Hermine. Ettersom Harry trur at Lupus søv, snakkar dei om Sirius Svaart som dei trur er etter Harry. Då kjem ein desperant inn på toget og overfell Harry. Professor Lupus hjelper Harry å jage vekk desperanten, men det reddar han ikkje frå dei skrekkelege tinga desperantar gjer mot kvar ein som kjem for nær.

Etter Remus opptreden i Harry Potter og fangen fra Azkaban, får ikkje lesaren møte Remus igjen før Harry Potter og Føniksorderen, der han er ein av dei frivillige som er med for å hente Harry i Hekkveien 4. Han er ein del av Føniksordenen som kjempar mot Voldemort og oppheld seg ein del på Grimoldsplass 12 som er Føniksordenen sin opphaldsplass.

I slutten av Harry Potter og Halvblodsprinsen er Remus Lupus med og kjempar mot dødsetarane som hadde snike seg inn på Galtvort. Lupus vert vitne til at Severus Slur drep Albus Humlesnurr. Nymphadora Dult er også med, og i sjukestova på Galtvort blir det snakk om eit forhold mellom dei to. Remus klarar heller ikkje tru at Severus Slur kan ha drepe Humlesnurr, sidan Humlesnurr stoler på Slur.

I den siste Harry Potter-boka har Remus gifta seg med Nymphadora Dult. Dette skjedde i juli 1997, altså i sommarferien før Harry Potter skulle ha starta sitt sjuande år på Galtvort. Seinare møter Remus Harry Potter, Ronny Wiltersen og Hermine GrangGrimoldsplass 12 når dei er på jakt etter ein malacrux. Remus fortel at Nymphadora er med barn og alle tre viser stor interesse og gratulerer han. Men Remus forklarer at han er usikker på om at han skulle gjort henne gravid, for han klarer ikkje tanken på om barnet skulle bli født som varulv.

Remus Lupus kjemper i Slaget ved Galtvort og blir drepen av Antonin Dolohov. Hans kone bli også drepen, men Harry Potter er Teddys gudfar og då den einaste 'familien' han har igjen. Som Harry får ikkje Teddy vokst opp med foreldrene sine.

På andre språk heiter Lupus;

  • Remus Lupus
    • Engelsk: Remus Lupin
    • Bulgarsk: Ремус Лупин (Remus Lupin)
    • Kinesisk (PRC): 盧平教授
    • Kinesisk (Taiwansk): 路平教授
    • Dansk: Remus Lupus
    • Nederlandsk: Remus Lupos
    • Fransk: Remus Lupin
    • Tysk: Remus Lupin
    • Moderne gresk: Ρέμους Λούπιν
    • Italiensk: Remus Lupin
    • Japansk: Remus Lupin (Rīmasu Rūpin, リーマス・ルーピン)
    • Latvisk: Remuss Vilksons (vilks betyr ulv)
    • Polsk: Remus Lupin
    • Portugisisk (Brasil): Remo Lupin
    • Russisk: Ремус Люпин (Remus Lyupin)
    • Thai: รีมัส ลูปิน

Sirius Svaart[endre | endre wikiteksten]

Sirius Svaart
Kjønn Mann
Familie Familien Svaart
Lojalitet Føniksordenen
Fyrste opptreden Harry Potter og fangen fra Azkaban
(blir nemnt i Harry Potter og De vises stein )


Sirius Svaart (på engelsk Sirius Black, ofte kalla Padfoot) er ein fiktiv karakter i bokserien Harry Potter av J.K. Rowling, der han er ein trollmann. I filmane er det Gary Oldman som speler Black som vaksen, og James Walters som speler Black i tenåra.

Fyrste gongen Svaart blir nemnt i bøkene er allereie i det fyrste kapitlet av Harry Potter og De vises stein; det var Svaart som lånte vekk den gigantiske, flygande motorsykkelen som Rubeus Gygrid kjem flygande på. Han har med seg babyen Harry Potter, som skal bu hjå tanta og onkelen sin. Han blir ikkje nemnt noko meir i den boka; det er fyrst i tredje boka, Harry Potter og fangen fra Azkaban, at han blir ein del av historia igjen. Her rømmer han som den fyrste nokon gong frå trollmannsfengselet Azkaban, der han har tilbrakt dei siste 13 åra etter å ha blitt dømt for å sprengja tolv umagiske menneske og Petter Pittelpytt i fillebitar på open gate. Då han rømmer trur alle at han er ute etter å drepa Harry Potter. Det viser seg seinare at han er uskuldig og at det var Petter Pittelpytt sjølv som sprengde dei tolv menneska i lufta og kom seg unna. Etter dette blir Svaart ein svært god ven av Harry Potter, og ein viktig rådgjevar for han.

I den femte boka, Harry Potter og Føniksordenen, blir Svaart treft av ein trylleformel som Bellatrix DeMons sender i han(Avada Kedavra, mordformelen), i den siste og avgjerande kampen i boka. Svaart døyr av dette, og det blir stor sorg i Føniksordenen; spesielt for Harry Potter.

Familie[endre | endre wikiteksten]


       Finius Persillius Svaart                  
                  :
            Herr og Fru Svaart
              ____|_______________________
             |                            | 
 Herr Svaart + Fru Svaart     Herr Svaart + Fru Svaart      
       ______|_________                  _|_______________________________________
      |                |                |                  |                      | 
Sirius Svaart   Regulus Svaart    Bellatrix + Rodolfus  Narsissa + Lucius   Andromeda + Petter
                                    Svaart     DeMons     Svaart | Malfang     Svaart | Dult
                                                                 |                    |
                                                          Draco Malfang         Nymfadora Dult

På andre språk[endre | endre wikiteksten]

  • Sirius Svaart
    • Engelsk: Sirius Black
    • Bulgarsk: Сириус Блек (Sirius Blek)
    • Kinesisk (PRC): 小天狼星布萊克
    • Kinesisk (Taiwansk): 天狼星‧布萊克
    • Tsjekkisk: Sirius Black
    • Dansk: Sirius Black
    • Nederlandsk: Sirius Zwarts
    • Finsk: Sirius Musta
    • Fransk: Sirius Black
    • Tysk: Sirius Schwarz (berre første bok), Sirius Black (øvrige bøker)
    • Gammelgresk: Σείριος ὁ μέλας
    • Moderne gresk: Σείριος Μπλακ
    • Indonesisk: Sirius Black
    • Italiensk: Sirius Black
    • Latvisk: Siriuss Bleks
    • Polsk: Syriusz Black
    • Portugisisk: Sirius Black
    • Russisk: Сириус Блэк (Sirius Blek)
    • Serbisk: Sirijus Blek
    • Slovakisk: Sirius Black
    • Thai: ซิเรียส แบล็ก
    • Walisisk: Siriws Ddu
Gary Oldmann spelar Sirius Svaart i Harry Potter-filmane, 2011.

Kasper Dilligant[endre | endre wikiteksten]

Kasper Dilligant er ein figur i den litterære verda som av den britiske forfattaren J.K. Rowling har skapt om Harry Potter og skolegangen på Galtvort. Han var medlem av den opphavlege føniksordenen. Truleg vart han drepen av dødsetarane, men vart aldri funnen.

Andre[endre | endre wikiteksten]

  • Edgar Beining
  • Dedalus Dølg
  • Elfias Dogger
  • Aberforth Humlesnurr
  • Albus Humlesnurr]]
  • Benjamin Fylling
  • Arabella Figg
  • Mundungus Fletcher
  • Rubeus Gygrid
  • Frank og Alinda Langballe
  • Minerva McSnurp
  • Marlene McMester
  • Dorte Merkelin
  • Alastor "Galøye" Moody
  • Petter Pittelpytt
  • Sturgis Podmore
  • Fabian og Gideon Prewett
  • Severus Slur
  • Emmelin Vals

Nye medlemmer i den gjenoppretta ordenen[endre | endre wikiteksten]

Nymfadora Dult[endre | endre wikiteksten]

Nymfadora Dult
Tonkset.JPG
Art menneske og metamorf-magus
Kjønn Kvinne
Lojalitet Føniksordenen, Galtvort, Lupus-familien, Dult-familien.
Fyrste opptreden Harry Potter og Føniksordenen


Nymfadora Dult (1973- 2.mai 1998) (på originalspråket engelsk: Nymphadora Tonks) er ein svartspanar som jobbar for Magidepartementet og er med i Føniksordenen. Ho er ein metamorf-magus, som er ein fordel når ein er svartspanar. Ho likar ikkje å bli kalla Nymphadora, men føretrekkjer Dult. Hårfargen til Dult kan variere, men er ofte tyggegummi-rosa. Ho er halvblods. Nymfadora Dult gjekk på Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom og var plassert i Håsblås. Ho beskreiv seg sjølv som useriøs og rampete då ho forklarte kvifor ho trur ho ikkje blei prefekt i 5.klasse på Galtvort. Nymfadora er dotter av Ted og Andromeda Dult. Andromeda Dults søster er Bellatrix DeMons, som før båe søstrene heitte Svaart til etternamn. Då Andromeda gifta seg med Ted Dult som ikkje var fullblods, blei ho utestengt frå familien og biletet av henne på Svaarts familietre vart brent vekk. Nymphadoras besteforeldre er Cygnus Svaart og Druella Rosier.

Vista-error.png Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

I 1998 får Dult ein son med Remus Lupus som dei kallar Teddy, etter bestefaren. Han er også metamorf-magus. Men Nymphadora døyr i slaget ved Galtvort med Remus. Ho blir drepen av Bellatrix DeMons.

Familietre[endre | endre wikiteksten]


       Finius Persillius Svaart                  
                  :
            Herr og Fru Svaart
              ____|_______________________
             |                            | 
 Herr Svaart + Fru Svaart     Herr Svaart + Fru Svaart      
       ______|_________                  _|_______________________________________
      |                |                |                  |                      | 
Sirius Svaart   Regulus Svaart    Bellatrix + Rodolfus  Narsissa + Lucius   Andromeda + Petter
                                    Svaart     DeMons     Svaart | Malfang     Svaart | Dult
                                                                 |                    |
                                                          Draco Malfang         Nymfadora Dult

I filmane blir Nymphadora Dult spelt av Natalia Tena.

Andre[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]