Førdefjorden

Koordinatar: 61°29′42.652″N 5°14′10.892″E / 61.49518111°N 5.23635889°E / 61.49518111; 5.23635889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°29′42.652″N 5°14′10.892″E / 61.49518111°N 5.23635889°E / 61.49518111; 5.23635889

Gjelsvik i Førdefjorden
Førdefjorden ved Naustdal

Førdefjorden er ein fjord i kommunane Askvoll og Sunnfjord i Vestland. Fjorden går frå Stavfjorden og 37 km inn til byen Førde.

Fjorden har innløp mellom Svortevikholmen i nord og Flokeneset i sør, like aust for Svanøy. Eit lite stykke inn i fjorden stikk Hegreneset ut i fjorden. På sørsida av neset ligg Gjelsvika og grenda med Gjelsvik. På austsida av neset snur fjorden brått sørover, medan Liavika og Nordavika går inn til Redalsgrend. Ved Kvammen går fjorden gjennom det smale Ålasundet som er om lag 270 meter breitt.

Vidare innover i fjorden er sørsida bratt og høg med fjelltoppar opp til over 1200 meter over havet. Her ligg òg isbreen Blåfonna. Innover i fjorden ligg fleire små grender på kvar side av fjorden. Nord for Blåfonna ligg Helle og litt lenger aust ligg Frammarsvik.

Fjorden går forbi Naustdal, som ligg på nordsida av fjorden. Her munnar elva Nausta ut i fjorden. 8 km lenger inn i fjorden ligg sjølve Førde.

I dei ytre delane av fjorden går Riksveg 611 på nordsida inn til Naustdal. Frå Naustdal og inn til Førde går Riksveg 5. På sørsida av fjorden går Riksveg 609 inn til grenda Hellevang nedanfor Blåfonna. Frå her går vegen litt inn i landet og dukkar opp ved fjorden i nærleiken av Førde.