Førehandsrøysting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Førehandsrøysting er å røyste i forkant av ordinær tidspunkt for røysting eller val. Dette er vanlegvis mogeleg ved val til folkevalde forsamlingar. Her vert sakene debattert over lang tid, og dei røysteføre er spreitt geografisk og det er ynskje om størst mogeleg valdeltaking. Ved vanlege møte i foreiningar og orgar er det normalt ikkje mogeleg å gje forhandsrøyst. Ei årsak er at saka det gjeld, ofte vert presentert og diskutert på sjølve møtet.

I Noreg er førehandsrøysting ved val til Stortinget, fylkestinga, kommunestyra og direktevalde bydelsutval regulert i vallova kapittel 8.

Spire Denne samfunnsartikkelen som har med politikk å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.