Førlandsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Førlandsfjorden er ein sidefjord av Boknafjorden i Tysvær kommune i Rogaland. Han har innløp ved Surnevik, sør for Slåttevik og rett nordvest for Kårstø, og strekkjer seg 12 km nordover.

I dei første to kilometrane av fjorden ligg det fleire holmar som Hamnarholmen, Urdholmen (med ei fyrlykt), Notholmen og Lamholmen. Slåttvik ligg på austsida ved Lamholmen og like nordanfor smalnar fjorden inn ved Mjåsundet. Her går den om lag 250 meter lange Mjåsundsbrua langs E39 over sundet. Nord for Mjåsundet ligg Baståsbukta og grenda Lushamn på vestsida. Like nord for Baståsbukta stikk Vågen inn austover til sjølve Tysvær. Innløpet til vågen er særs smalt, berre om lag 5-10 meter.

Litt lenger nord ligg Haukåsbukta og grenda Haukås på vestsida. Vidare nordover ligg grendene Høyvik, Apeland, Klovning, Saltvik og Rånvik. Inst i fjorden ligg grenda Førland.

E39 går følgjer store delar av vestsida av Førlandsfjorden ned til Mjåsundsbrua, der han kryssar vegen og held fram litt innover i landet på austsida.