Føynfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Føynfjorden er ein fjord i Karmøy kommune i Rogaland mellom øya Føyno og den nordlegaste delen av Karmøy, rett vest for Haugesund. Fjorden er om lag 6 km lang. Det sørlege innløpet ligg mellom holmen Feøytangen sør for Føyno og Helganeset som rullebanen til Haugesund lufthamn, Karmøy delvis ligg på.

Mellom bygda Torvastad på Karmøy og holmane rett aust for Føyno ligg Kjerringsundet, som er ein del av Føynfjorden. Det nordleg innløpet til fjorden ligg mellom fyret Kvaløytåi på Kvaløya, like nord for Føyno og Haugsskjeret og Kråene, like vest for det nordlege innløpet til Karmsundet. Mellom Kvaløya og Føyno ligg Kvaløysundet, og vest for dette sundet og dei to øyane ligg Urterfjorden.