F.E.A.R.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
F.E.A.R. First Encounter Assault Recon
Utviklar(ar) Monolith Productions (PC); Day 1 Studios (Xbox 360, PlayStation 3)
Utgjevar(ar) Vivendi
Designar(ar) Craig Hubbard
Sjanger FPS, skrekk
Utgjeving 18. oktober 2005
Motor Lithtech: Jupiter EX
Versjon 1.08 (20. oktober 2006)
Medium DVD
Aldersgrense PEGI: 18+

F.E.A.R. First Encounter Assault Recon er eit førstepersons skytespel for datamaskin og spelekonsoll utvikla av Monolith Productions og gjeve ut av Vivendi.

Det vart gitt ut den 18. oktober 2005 for Windows og portert av Day 1 Studio til Xbox 360 og PlayStation 3. Den fyrste tilleggspakken F.E.A.R. Extraction Point vart utgjeve i oktober 2006 av Timegate Studios. Ein tilleggspakke nummer to vart gitt ut i november 2007, F.E.A.R. Perseus Mandate.

Historia i spelet spinn rundt eit overnaturleg fenomen som F.E.A.R., ein oppdikta spesialstyrke, skal ta seg av. Spelaren har rollen som F.E.A.R.-lagets frontmann, som har overmenneskelege refleksar og som må slåss mot ein armè av klona supersoldatar.

Spelet er inspirert av japansk grøss/horror. Frontmannen har fleire gongar hallusinasjonar der overnaturlege ting skjer; og den raudkledde jenta Alma og mannen som styrer klonehæren, Paxton Fettel, spelar her ei sentral rolle. Spelet utnyttar seg av psyokologisk grøss snarare enn grøss der sjokkmomentet spelar største rolla.

[endre] Bakgrunsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk