FAO

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Food and Agriculture Organization (FAO), SN-organisasjonen for mat og landbruk, har kamp mot svolt som hovudarbeid. Han skal òg samla og dela kunnskap om korleis ein kan forbetra og modernisera landbruk, skogbruk og fiske, særleg i u-land.

FAO blei grunnlagd i 1945 i Hot Springs i Virginia. Organisasjonen har særleg prøvd å utvikla områda der 70 % av dei fattige og svoltne i verda bur. For å få til dette har han fire strategiar:

  • Gjera informasjon tilgjengeleg
  • Fordela ekspertise rundt målsetjingar
  • Skapa ein møtestad for nasjonane
  • Bringa kunnskap ut til folket

FAO sin underorganisasjon for Berekraftig Utvikling(SD) gir råd til regjeringar om integrert regulering, planlegging og styring var naturresursar. Den koordinerer korleis organisasjonane set igang Rio-toppmøte sin Agenda 21 og dei globale miljøkonvensjonane om biologisk diversitet, klimaendringar og ørkendanning frå 1992.

SD koordinerer og det tverfaglige programet for økologisk dyrkning, den fremjer landbruket sitt hensyn til økosystem, og også bæredygtige energistrategier og -teknologier. Den hjelpe og utviklingslanda med å bruke fjernovervåking, agrommeterorlogi og geografiske informasjonssystem, lik at dei kan styre naturressursene og overvake tilstanden til avlingane.

-->

[endre] Bakgrunnsstoff