FEM
FEM er ein norsk fjernsynskanal som starta sendingane sine den 3. september 2007, i samband med opninga av det digitale bakkenettet. Fjernskanalen som er systerkanalen til TVNorge, har kvinner som målgruppe og sender dokumentarar, dramaseriar, spelefilmar, situasjonskomediar, i tilleg til mote- og kjendisnyhende. FEM er tilgjengeleg via RiksTV på det digitale bakkenettet, parabol og kabel-TV. Kanalen sender frå London med ein Ofcom-lisens. På denne måten kan ein sende reklame etter engelske reglar, slik også TV3 og Viasat 4 gjer. I februar 2008 starta kanalen det eigenproduserte talk-showet Studio 5.
Innhaldsliste |
Kritikk [endre]
Kanalen er vorten skulda for å ha ein «fornærmande profil» av medie- og kjønnsforsker Wenche Mühleisen og dåverande Ny Tid-redaktør Martine Aurdal[1].
Sjåartal [endre]
Kanalen hadde dei siste vekene i 2007 ein gjennomsnitteig markedsandel på 1 prosent i totalbefolkninga, og ein andel på 1,4 prosent blant kvinner i alderen 20-49 år [2].
Referansar [endre]
- ↑ Dagbladet 2. september 2008 Følg saken. Nye tv-kanaler. Side 60
- ↑ Fakta Kanal FEM - Dagbladet.no 8. januar 2008