FIDA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
FIDA
LandPalestina
Grunnlagt1990
HovudkvarterPalestina
Ideologivitenskapelig sosialisme, arabisk nasjonalisme, sekularisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonvenstresida

FIDA er eit palestinsk politisk parti, som arbeider innanfor PLO. På norsk tyder det offisielle namnet Al-Ittihad al-Dimuqrati al-Filastini omtrent «Palestinas demokratiske union».

Historie[endre | endre wikiteksten]

FIDA vart skipa i 1990 ved ei kløyving i organisasjonen DFLP, der FIDA tok eit meir moderat standpunkt i den israelsk-palestinske konflikten. FIDA har prøvd å etablere seg som eit sekulært og demokratisk venstresidealternativ i palestinsk politikk.

FIDA har eit ungdomsforbund, kvinnegrupper og faglege grupper, men ingen væpna fløy – ulikt mange andre palestinske politiske organisasjonar.

Slagordet til FIDA er fridom, sjølvstende, rett til å vende tilbake, demokrati og sosialisme. Partiet presenterer seg som eit sekulært demokratisk-sosialistisk parti. FIDA er SV sin hovudsamarbeidspartner mellom dei palestinske partia.

FIDA går inn for ei tostats-løysing basert på den grøne linja, det vil seie dei israelske grensene frå før 1967. Dei vil ha Aust-Jerusalem som hovudstad i eit sjølvstendig Palestina.

Ved valet i 2006 samarbeidde FIDA med DFLP og Det palestinske folkepartiet (PPP) i alliansen Alternativ (al-Badeel). Dei fekk om lag tre prosent av stemmene, og har to representantar i nasjonalforsamlinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]