FRIKAR dance company

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frikaropptreden med Alexander Rybak.
Foto: Ernst Vikne, 2009

FRIKAR dance company er ei norsk dansegruppe som blander ulike dansetradisjonar til akrobatisk scenekunst og samtidsdans. Gruppa blei oppretta av lausdansaren Hallgrim Hansegård i 2006, og bruker lausdans, breakdans, capoeira, samtidsdans, akrobatikk og original musikk. Gruppa blei internasjonalt kjend då dei opptrådde i Eurovision 2009 saman med Alexander Rybak.

Namnet frikar speler dels på det gamle norske ordet frikar, brukt om ein ubunden eller uovervunnen person, og den nyare avleiinga av engelsk freak, om ein som stikk seg ut.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Dansarar: Hallgrim Hansegård, Martin Myhr, Sigbjørn Rua, Ulf-Arne Johannesen, Solveig Hårdnes, Anders Aasberg, Gjermund Bråten, Bruno Caverna og Ingeleiv Berstad.

Musikarar tilknytt kompaniet: Andreas Ljones, Andreas Bratlie, Frode Haltli, Rolf-Erik Nystrøm og Terje Isungset.

FRIKAR driv også med opplæring i dans ved Frikarakademiet.

Opptredenar og prisar[endre | endre wikiteksten]

Kompaniet har opptrådd for Nasjonalballetten, Ekstremsportsveko, rockefestivalar og folkemusikkfestivalar, og i TV-program som Dansefeber, Norske talenter og Melodi Grand Prix. Dansarane i FRIKAR har også vore modellar for rørslene i dataspelet Age of Conan.

Lausdansførestillinga Kruk! tok til i Egypt der Hansegård og Ljones arbeidde med den store Peer Gynt-forestillinga ved Sfinksen i Giza. Verket gav Hansegård utmerkinga «Årets folkemusikkartist».[1]

I 2009 koreograferte Hallgrim Hansegård sceneshowet til låten «Fairytale» for Alexander Rybak. Rybak hadde fått i oppdrag av Per Sundnes frå NRK å føreslå ein låt som passa til Frikar fordi dei fire beste innslaga i den internasjonale finalen året før hadde hatt mannlege dansarar på scenen. Dansen gjorde gruppa vidkjent i Noreg og utlandet, og gruppa fekk prisen for beste koreografi ved Eurovision 2009.

Førestillingar[endre | endre wikiteksten]

  • LAUS (2005) 33 min. lausdans. Ni utøvarar: Martin Myhr, Sigbjørn Rua, Ulv-Arne Johannessen, Solveig Hårdnes, Anders Aasberg, Hallgrim Hansegård, Gjermund Bråten, Andreas Ljones, Andreas Bratlie
  • KRUK! (2007) 55 min. lausdans og animasjon. Åtte utøvarar: Martin Myhr, Sigbjørn Rua, Ulf-Arne Johannessen, Solveig Hårdnes, Anders Aasberg, Hallgrim Hansegård, Andreas Ljones, Andreas Bratlie
  • JAMSÍIS (2007) 37 min, skuggeteater m/live video og animasjon, samtidsdans/capoeira/lausdans. Koreografi: Sølvi Edvardsen. Fem utøvarar: Hallgrim Hansegård, Andreas Ljones, Øyonn Groven Myhren, Andreas Bratlie, Bruno Caverna
  • BASTARD (2007) 45 min samtidsdans med live video. Seks utøvarar: Rolf-Erik Nystrøm, Terje Isungset, Frode Haltli, Bruno Caverna, Ingeleiv Berstad, Hallgrim Hansegård
  • Bukkerittet (2008)
  • THE SNUFF GRINDERS (2008) 40 min capoeira, breaking, lausdans. Åtte utøvarar: Hallgrim Hansegård, Ulf-Arne Johannessen, Prof. Muilinho, Mestre Maclau, Dark Mark og Lars Aastebøl
  • Fairytale (2009) Dans til «Fairytale» av Alexander Rybak. Koreografi: Hallgrim Hansegård. Tre utøvarar: Torkjell Lunde Børsheim, Sigbjørn Rua og Hallgrim Hansegård.
  • TidarÅ (2009). Song- og danseførestilling inspirert av Peer Gynt.
  • Yr (2009). 13 min, første gong framført ved Festspela i Bergen. Ragnhild Hemsing på fiolin og dansar Hallgrim Hansegård.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]