Fabeldyr og hvor de er å finne
Fabeldyr og hvor de er å finne, (originaltittel: Fantastic Beasts and Where to Find Them), er ei bok som er skriven av den britiske forfattaren J.K. Rowling. Boka er eit supplement til Harry Potter-serien, og førestiller ei av hovudpersonen Harry Potter sine skulebøker frå Galtvort. Tilsynelatande er boka skriven av Salmander Fisle, og ho har føreord av Albus Humlesnurr, rektor ved Galtvort.
Inntektene frå salet av boka vart gjeve til Comic Relief, ein velgjerande organisasjon. Boka vart utgjeven i 2001, både i Storbritannia og i Noreg. Den norske omsetjinga er ved Torstein Bugge Høverstad.
Boka omhandler dei fleste magiske dyreartane som vert omtala i Harry Potter-serien, i tillegg til noko om korleis trollmenn skjuler desse for «gompane» (vanlege folk / dei umagiske). Ho inneheld òg ein tekst om tilhøvet mellom gompar og magiske dyr gjennom tidene.
Salamander Fisle [endre]
| Salamander Fisle | |
| Fullt namn | Salmander Artemis Fido Fisle[1] |
| Originalnamn | Newton Scamander[2] |
| Fødd | 1897[3] |
| Art | Menneske, Trollmann. |
| Blodstatus | Halvblods eller fullblods[4] |
| Titlar | Professor, Rektor. |
| Kjønn | Mann |
| Hårfarge | Kvit, tidlegare svart. |
| Hudfarge | Lys |
| Familie | Porpentina Fisle (kone), Fru Fisle (mor), Rolf Fisle (barnebarn), Fisle-familien. |
| Yrke | Magizoologist i Magidepartementet, rektor på Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom. |
| Galtvorthus | Håsblås[5] |
| Lojalitet | Magidepartementet, Håsblås, Fisle-familien, Merlin-ordenen, Galtvort. |
Salamander Fisle(1897-1991/1992)[6] er ein fiktiv person i Harry Potter-serien. Han var ein kjend magizoologist og forfattar av Fabeldyr og hvor de er å finne. Fisle fekk tidleg ei interesse for vesen i magiverda, ettersom mora dreiv med avl av hippogriffer. Etter å ha gått å på og tatt eksamen ved Galtvort, byrja han å jobbe i Magidepartementet. I 1918 skreiv Fisle den bestseljande boka Fabeldyr og hvor de er å finne og blei ein respektert Magizoologist. Dette førte også til at han vart rektor på Galtvort. I privatlivet gifta han seg med Porpentina og fekk minst eit born. På 1990-talet pensjonerte han seg og budde i Dorset. Han døyde ein gong i perioden 31.juli 1991 og 18.desember 1992.
Fornotar [endre]
- ↑ http://no.harrypotter.wikia.com/wiki/Salmander_Fisle
- ↑ http://harrypotter.wikia.com/wiki/Newton_Scamander
- ↑ Fabeldyr og hvor de er å finne
- ↑ Fabeldyr og hvor de er å finne
- ↑ www.pottermore.com: Håsblås introduksjon (Kan sjåast m.a. her)
- ↑ Fisle må ha døyd ein gong i perioden 31.juli 1991 og 18.desember 1992, fordi J.K. Rowling har sagt i interjuver (på eng.:) "all the portraits you see in the headmaster's study are all headmasters and mistresses who died". Fisles portrett er synleg i filmatiseringa av Harry Potter og Mysteriekammeret, i ein scene som gjekk føre seg 18.desember, 1992. Også i Harry Potters kopi av Fabeldyr og hvor de er å finne (kjøpt 31.juli, 1991) blir det nemnt kvar Salamander bur, altså levde han på det tidspunktet.
Kjelder [endre]
- Engelsk harry potter wiki: Newton Scamander
- Fabeldyr og hvor de er å finne av J.K. Rowling.