Fabian Stang
Richard Fabian Stang (fødd 19. august 1955) er ein norsk advokat og høgrepolitikar. Han har vore ordførar i Oslo kommune sidan 2007.
Fabian Stang er son av Wenche Foss og Thomas Stang. Han utdanna seg som jurist og arbeidde først som lærar, deretter advokatfullmektig, politifullmektig og frå 1986 advokat.
Stang har vore bystyrerepresentant for Høgre sidan 1999, og fast medlem av helse- og sosialkomiteen, samferdsels- og miljøkomiteen, byutviklingskomiteen og finanskomiteen.[1] Han var varaordførar i Oslo frå 29. august 2007, og blei ordførar den 17. oktober same året. Som ordførar er Stang også leiar av forretningsutvalet, valstyret og samevalstyret i Oslo.[2]
Kjelder [endre]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Fabian Stang» frå Wikipedia på bokmål, den 7. februar 2009.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
||||
|---|---|---|---|---|
|
||||