Face Value

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Face Value
Studioalbum av Phil Collins
Utgjeve 9. februar 1981
Innspelt Seinvinteren 1979 – januar 1981 i The Town House
Sjanger Pop, rock
Lengd 47:49
Selskap Virgin (UK and Ireland)
Atlantic (rest of the world)
Produsent Phil Collins, Hugh Padgham
Kritikk
Phil Collins-kronologi
Face Value Hello, I Must Be Going!
(1982)

Face Value er debutalbumet til Phil Collins, tidlegare frontmann og vokalist i Genesis. Det kom ut i februar 1981 på Virgin og Atlantic Records. Albumet inneheld hitsingelen «In the Air Tonight», som med ei mørk stemning var inspirert av skilsmissen mellom Collins og den første kona hans Andrea.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1978 hadde Phil Collins vore medlem av Genesis i åtte år. Etter å ha spelt trommer for bandet dei første fem åra, tok han motvillig over rolla som frontmann etter at den opphavlege vokalisten Peter Gabriel slutta i bandet etter The Lamb Lies Down on Broadway. Det første albumet etter Collins tok over var A Trick of the Tail i 1976, som bestod av same type progressive rock som bandet hadde spelt sidan debuten i 1969, i tillegg til fleire balladar og lettare rockelåtar. I 1978 kom ...And Then There Were Three... ut med den første hitten deira, «Follow You, Follow Me». Songen og det påfølgjande albumet var byrjinga på steget bort frå den progressive rocken mot meir kommersiell, radiovenleg pop. Somme tidlegare tilhengjarar vendte bandet ryggen, men dei fekk òg nye tilhengjarar. Etter ...And Then There Were Three... og ein verdsturné tok Collins ein pause for å prøve å fikse forholdet til kona. Kona søkte derimot om skilsmisse i 1979 og reiste frå Collins i heimen dei delte i England. Collins budde visstnok i heimen i vekesvis og arbeidde på songar som omhandla det problemfylte familielivet hans. Collins hadde først ikkje tenkt å spele dei inn for eit album, før Atlantic Records, det amerikanske plateselskapet til Genesis, og Virgin Records, gav han eit tilbod om solokontrakt. Collins baserte det meste av Face Value på skilsmissen han gjekk igjennom. Somme av songane Collins skreiv under Face Value-tida vart spelte inn for det neste Genesis-albumet, Duke. Den radiovennlege vokalen til Collins var med på å gjere Duke til ein stor suksess.

Produksjon og musikk[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga av Face Value fann stad i Los Angeles i 1980. Collins, som voks opp lyttande til amerikansk R&B som gut i Chiswick, valte å bruke R&B-horn, og valte å leige inn Phenix Horns, som spelte med Earth, Wind & Fire, på plata, noko som vart rekna som nyskapande. Collins nekta å lytte til dei som tilrådde han å ikkje bruke horns og dei kom til å spele ei stor rolle det meste av karrieren hans.

Collins brukte òg ein då anna kontroversiell metode ved at han brukte programmerte trommer trass i at han var ein kjend trommeslagar. Collins sa han ønskte å eksperimentere med forskjellige lydar og var inspirert av arbeidet sitt med den tidlegare bandkollegaen Peter Gabriel, som hadde nytta programmerte trommer på det siste albumet hans. Collins var ofte med på desse innspelingane. Mange av songane vart arrangerte av Collins i lag med Tom Tom 84. Han nytta òg somme klassiske instrument, som fiolinar.

Den siste innspelingsdagen for Face Value var i januar 1981 før den første singelen, «In the Air Tonight», kom ut. Sjef i Atlantic, Ahmet Ertegun, rådde Collins til å spele trommer under versa og opninga av songen, medan albumversjonen ikkje har ekte trommer med før mellomspelet. Fleire av songane på albumet har eit sjølvbiografisk syn på livet til Collins på denne tida, hovudsakleg kor sint han kjende seg i samband med skilsmissen. Andre songar som «You Know What I Mean» og «If Leaving Me Is Easy» vart rolege balladar som omhandla hjartesorg. «I Missed Again» har òg ein roleg tone og omhandlar hjartesorg, men er livlegare. Den jazzaktige balladen «This Must Be Love» fokuserer på den nye romansen til Collins med Jill Tavelman, som vart den neste kona hans.

Albumet er innom fleire sjangrar. Grunnlaget er rock og pop, men enkelte songar går heller langt mot R&B med lett funkpåverknad, som på songen «I'm Not Moving», der Collins nytta ein vocoder til å synge korvokal gjennom. Dei to instrumentalane «Droned» og «Hand in Hand», var progrock-instrumentalar. Den første hadde ein eksotisk afrikansk stil, medan «Hand in Hand» hadde element av jazz og barnekor. «The Roof is Leaking» hadde element av Deltablues og country. Behind the Lines vart opphavleg gjeven ut av GenesisDuke som ein progressiv rockesong, medan Collins hadde laga ein ny R&B/funk-inspirert arrangement.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Phil Collins, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «In the Air Tonight»   5:32
2. «This Must Be Love»   3:55
3. «Behind the Lines» (tekst av Mike Rutherford; musikk av Tony Banks, Collins & Rutherford) 3:53
4. «The Roof is Leaking»   3:16
5. «Droned»   2:55
6. «Hand in Hand»   5:12
7. «I Missed Again»   3:41
8. «You Know What I Mean»   2:33
9. «Thunder and Lightning»   4:12
10. «I'm Not Moving»   2:33
11. «If Leaving Me Is Easy»   4:54
12. «Tomorrow Never Knows» (John Lennon, Paul McCartney) 4:46
47:49

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Lister
GBP

[3]

USA

[4]

CAN

[5][4]

AUS

[6][7]

NZ

[8]

GER

[9]

AUT

[10]

NOR

[11]

SWE

[12]

SWI

[13]

1981 1 7 1 2 4 2 3 5 1 2
«—» denotes releases that did not chart or were not released.

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Lister
UK

[3]

US

[14]

US Rock

[14]

CAN

[4][5]

AUS

[6][7]

NZ

[8]

GER

[15]

NL Top 100

[16]

NL Top 40

[17]

AUT

[10]

FRA

[18]

IRE

[19]

NOR

[11]

SWE

[12]

SWI

[13]

1981 «In the Air Tonight» 2 19 2 2 3 6 1 2 1 1 1 2 4 1 1
«I Missed Again» 14 19 8 6 88 35 23 28 12
«If Leaving Me Is Easy" 17 61 25
«Behind the Lines» 58
«Thunder and Lightning»
1988/1989 «In the Air Tonight ('88 Remix)» 4 47 3 17 23 4 20 6 2
2007/2008 «In the Air Tonight» (Re-release) 14 1 32
«—» denotes releases that did not chart or were not released.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ruhlmann, William. Face ValueAllmusic. Henta July 5, 2011.
  2. Pond, Steve (20. august 1981). «Face Value by Phil Collins». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/albumreviews/face-value-19810820. Henta 5. juli 2011. 
  3. 3,0 3,1 «UK Charts > Phil Collins». Official Charts Company. http://www.theofficialcharts.com/artist/_/phil%20collins/. Henta 12. august 2010. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Phil Collins > Charts & Awards > Billboard Albums». Allmusic. Macrovision. http://www.allmusic.com/artist/p3942/charts-awards. Henta 12. august 2010. 
  5. 5,0 5,1 «RPM Magazine Archives > Top Albums > Phil Collins». RPM. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-110.01-e.php?PHPSESSID=v2a76h62to0aart05gg0u3agj2&q1=phil+collins&q2=Top+Albums%2FCDs&interval=50. Henta 5 April 2010. 
  6. 6,0 6,1 «Australian Charts > Phil Collins». australian-charts.com Hung Medien. http://australian-charts.com/showinterpret.asp?interpret=Phil+Collins. Henta 12. august 2010. 
  7. 7,0 7,1 Kent, David (1993) (doc). Australian Chart Book 1970–1992. Australian Chart Book, St Ives, N.S.W. ISBN 0-646-11917-6. 
  8. 8,0 8,1 «charts.org.nz – Discography Phil Collins». charts.org.nz Hung Medien. http://charts.org.nz/showinterpret.asp?interpret=Phil+Collins. Henta 12. august 2010. 
  9. «Chartverfolgung / Collins, Phil / Longplay». musicline.de PhonoNet. http://www.musicline.de/de/chartverfolgung_summary/artist/COLLINS%2C+PHIL/?type=longplay. Henta 1 September 2009. 
  10. 10,0 10,1 «Austrian Charts > Phil Collins». austriancharts.at Hung Medien. http://www.austriancharts.at/showinterpret.asp?interpret=Phil+Collins. Henta 12. august 2010. 
  11. 11,0 11,1 «Norwegian Charts > Phil Collins». norwegiancharts.com Hung Medien. http://norwegiancharts.com/showinterpret.asp?interpret=Phil+Collins. Henta 1 September 2009. 
  12. 12,0 12,1 «Swedish Charts > Phil Collins». swedishcharts.com Hung Medien. http://www.swedishcharts.com/showinterpret.asp?interpret=Phil+Collins. Henta 12. august 2010. 
  13. 13,0 13,1 «Swiss Charts > Phil Collins». swisscharts.com Hung Medien. http://www.swisscharts.com/showinterpret.asp?interpret=Phil+Collins. Henta 12. august 2010. 
  14. 14,0 14,1 [albums «Phil Collins > Charts & Awards > Billboard Singles»]. Allmusic. Macrovision. albums. Henta 12. august 2010. 
  15. «Chartvefolgung / Collins, Phil / Single». musicline.de PhonoNet. http://www.musicline.de/de/chartverfolgung_summary/artist/COLLINS%2C+PHIL/?type=single. Henta 2 September 2009. 
  16. «dutchcharts.nl > Phil Collins». dutchcharts.nl Hung Medien. http://dutchcharts.nl/showinterpret.asp?interpret=Phil+Collins. Henta 12. august 2010. 
  17. «Dutch Top 40 > Phil Collins» (på Dutch). Stichting Nederlandse Top 40. http://www.top40.nl/search.aspx?keyword=phil%20collins. Henta 29 April 2010. 
  18. «Les Charts > Phil Collins». lescharts.com Hung Medien. http://lescharts.com/showinterpret.asp?interpret=Phil+Collins. Henta 12. august 2010. 
  19. «Irish Charts > Phil Collins». irishcharts.ie. http://www.irishcharts.ie/search/placement. Henta 1 September 2009.