Faddejøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Faddejøyane ligg nordaust for Faddejbukta
Plasseringa til Faddejøyane nordaust for Tajmyrhalvøya.

Faddejøyane (russisk Oстровa Фаддея - Ostrova Faddeja) er ei øygruppe i Krasnoyarsk kraj i Russland med tundravegetasjon, grus og is. Ho ligg i Laptevhavet like utafor Faddejbukta ved kysten til Sibir, aust for Tajmyrhalvøya. Dei største øyane:

  • Ostrov Faddeija-Severnij
  • Ostrov Faddeija-Vostotsjnij
  • Ostrov Faddeija-Juzjnij
  • Ostrov Kapitanskij, ei mindre øy ligg utafor hovudøygruppa og nærare til kysten.

Havområdet rundt øyane er dekka av fast is om vinteren og klimaet er særs hardt. Sjølv om sommaren er det mykje is i havet.

Faddejøyane vart kalla opp etter den russiske utforskaren Fabian Gottlieb von Bellingshausen, som er «Faddej Faddejevitsj Bellinsgauzen» på russisk.

[endre] Historie

Gamle steinreiskap, truleg forma av menneske, vart funne på Faddejøyane og vart studert av forskaren A.P. Okladnikov, ein ekspert på eldgamle kulturar i Sibir og ved Stillehavet.

I 1940-1941 fann sovjetiske hydrografar restane av folk, pengar, våpen og andre ting på desse øyane og nær kysten av Simsabukta. Dette var truleg spor etter ein ekspedisjon gjort av Akaky og Ivan Muromets tidleg på 1600-talet.

[endre] Kjelder

[endre] Sjå òg

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk