Fado

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fado på måla portugisiske fliser.
Fadosongaren Mariza i 2008.
Ein fadosongar i Porto.

Fado er ein type portugisisk folkesong som vert dyrka i byane og er kjenneteikna av melankolske tekstar og melodiar. Fado kan til dømes skildra tema som smertefylt og ufullført kjærleik, sjalusi, sorg over dei som har døydd, lengting attende til farne tider, lengting etter heimlandet eller heimstaden, venting, vanskane ved å leve og så bortetter. Songane vert framført av ein mann eller ei kvinne, akkompagnert av gitar og dobbeltstrenga portugisisk gitar.

Det finst to hovudstilar innanfor fado. Den eine hovudstilen skriv seg frå byen Lisboa, den andre frå byen Coimbra. Fadoen frå Coimbra er knytt til dei akademiske tradisjonane i denne byen (som har det eldste universitetet i den portugisisktalande parten av verda), og har som tema livet til studentane og tilhøva ved universitetet. Denne typen fado vert tradisjonelt berre sunge av menn. Fadoen frå Lisboa, som har opphav i dei folkelege stroka Alfama, Castelo, Mouraria, Bairro Alto, Madragoa, er generelt meir underhaldande i val av tema og dessutan meir gledefylt enn fadoen frå Coimbra, og vert tradisjonelt sunge av både kvinner og menn. Melodisk og lydleg skil fadoen frå Coimbra seg markant frå fadoen frå Lisboa, sjølv om musikkinstrumenta vanlegvis er dei same.

Fado er ført opp på SN-organisasjonen UNESCO si liste over meisterverka i den munnlege og immaterielle verdsarven.[1]

Kjende fado-utøvarar er mellom anna Amália Rodrigues, Dulce Pontes, Carlos do Carmo, Mariza, Mafalda Arnauth, António Zambujo, Ana Moura, Camané, Carminho, Mísia og Cristina Branco.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fado, urban popular song of Portugal». UNESCO Culture Sector. Henta 27. november 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]