Fagernes hotell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fagernes hotell

Fagernes hotell er eit hotellFagernes i Valdres. Det har hatt fleire eigarar og fleire offisielle namn, som Quality Hotel & Resort Fagernes og i dag Scandic Valdres.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Otto Larsen Stuve (1822–1871) blir rekna som grunnleggjaren av Fagernes. Han var opphavleg frå Biri, og kom til Fagernes som kremmar i 1857. I 1860 fekk han kjøpt ei tomt innanfor Vesleøya på Fagernes der han sette opp ein stor, toetasjes landhandel-og hotellbygning. Her bygde Stuve opp eit lite forretningsimperium. Det seiest han var glad i flaska, og uvanleg snill med skysshestane. Då han brått døydde, var det brørne hans, Gudbrand og Bernt, som arva han og selde eigedomen vidare til ein kar som heitte Års. Dermed gjekk hotellet inn i nokre skiftande år med fleire kortare eigarforhold. I tre år var eigendomen eigd av Antoni Larsen, og deretter enkefru Karlsen frå Oslo. Ho gjekk konkurs.

Den lengste og kanskje mest stabile driftsperioden i historia til Fagernes hotell er det familien Fosheim frå Røn i Vestre Slidre som har stått for. Landhandlar Ole Fosheim kjøpte konkursbuet etter enkefru Karlsen i 1881, og frå det følgjande årsskiftet selde han den vidare til sonen sin, Lage Fosheim (1859– 1947) som var 23 år gamal da han overtok eigendomen. Han og kona Guri frå Nordåk i Aurdal skulle koma til å prege hotelldrifta på Fagernes i 56 år, fram til 1938, då dei trekte seg attende. I denne perioden vart det bygd og utvida i mange retningar. Ei hotellfløy mot sør vart bygd i 1890-åra, og i 1916 vart nok ein fløy oppretta mot aust, denne gongen i betong.

Mot slutten av 1800-talet var Fagernes hotell prega av sveitserstilen, og ombyggingane fyrst på 1900-talet vart gjort i jugendstilen med mansardtak og tårn. Sonen Einar og dottera Margit Fosheim vart etter kvart mykje involvert i drifta av hotellet, men i 1938 selde Fosheim-familien heile hotellet til Olav Anonsen, som gav det til sonen og svigerdottera, Erna og Odd Anonsen. Dei dreiv hotellet fram til 19. februar 1946, då mesteparten av hotellet gjekk opp i røyk i ein gigantisk brann. Den eldste hovuddelen av hotellet brann heilt ned til grunnen, og sjølv fløya i betong vart sterkt øydelagd. Dermed var det slutt på hotelldrifta etter rundt 85 års samanhengande drift. Fagernes hotell kom ikkje i drift att før 20 år seinare.

I 1952 vart hotelltomta kjøpt av Jotunheimen og Valdresruten bilselskap (JVB), og de la grunnlag for stifting av selskapet Fagernes turisthotell AS, som vart eit aksjeselskap med fleire hundre aksjonærar. Det var dei som sette opp, og i 1966 opna hotellet, denne gongen i umiskjenneleg betongfunkis. Fyrst vart Leif Koppervik tilsett som direktør, deretter fire personar saman, og frå 1970 var Petter Olsen sjef i ti år, til Inge Dahl kom i 1980. Han kjøpte seg etter kvart opp i eigarskapen, og det var under hans leiing av hotellet på 1990-talet vart ombygd i det ein heller nostalgisk herregardsstil.

Dahl eigde 85% av aksjane då hotellet i 1999 vart selt vidare til Petter Stordalen i Choice-kjeda. Men han selde det ganske snøgt vidare til Pandox, som er eigd av Ringnes og Sundt. Hotelldrifta var leigd bort til Nordic Choice-kjeda frå 2000. På folkemunne heiter hotellet framleis Fagernes hotell, men det offisielle namnet frå 2005 var Quality Hotel & Resort Fagernes. Kjetil Vassdal vart direktør i 2006. Hotellet no 138 rom og 320 senger. Arbeidsstokken svingar frå 25 til 60 personar, men det blir om lag 32 årsverk til saman. Sidan 2007 er Fagernes hotell oppgradert for 40 millionar kroner. Under Norsk Rakfiskfestival som vert arrangert på Fagernes i den første veka av november kvart år skjer kåring av årets rakfiskprodusent på Fagernes hotell.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]