Fagorganisasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein fagorganisasjon er ei samanslutning av lønsarbeidarar som kollektivt arbeider for interessene til medlemmene, i utgangspunktet når det gjeld løn og arbeidstilhøve, men i neste omgang også samfunnstilhøve.

Fagorganisasjonar hindrar at arbeidskjøparar kan utnytte marknadsmekanismen på arbeidsmarknaden til utpressing av den enkelte arbeidaren. Ved å stå saman vil arbeidarane kollektivt kunne oppheve «lova» om tilbod og etterspurnad og hindre at arbeidarar må underby kvarandre for å få jobb, særleg i tider med arbeidsløyse. Det same gjeld i nokon monn i større område og heile land. Di meir organisert arbeidarklassen i eit land er, di meir vil han kunne oppheve konkurransen og marknaden når det gjeld vara arbeidskraft, og dette viktige området blir ein del av forhandlingsøkonomien, ikkje marknadsøkonomien. Sterke fagorganisasjonar er såleis ein viktig del av den demokratiske blandingsøkonomien i land som dei nordiske.

Ein fagorganisasjon på bedriftsnivå blir i Noreg kalla ein klubb, på lokalsamfunnsnivå ei fagforeining, på bransjenivå eit fagforbund og den største landssamanslutninga av fagforbund her i landet heiter Landsorganisasjonen (LO).

Det er eit klart historisk samband mellom framveksten av fagorganisasjonar og framveksten av sosialistiske parti, som ulike delar av ei og same arbeidarrørsla.