Fahd av Saudi-Arabia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kong Fahd i 1998.

Kong Fahd bin Abdul Aziz Al-Saud av Saudi-Arabia (fødd 1923 i Riyadh, død 1. august 2005 i Riyadh) var fram til han døydde konge og statsminister av Saudi-Arabia og overhovud for Huset Saud.

Fahd vart konge i 1982halvbroren, Khalid av Saudi-Arabia, døydde. Han hadde allereie i lang tid hatt faktisk kontroll over landet ettersom kong Khalid var lite interessert i politikk.

Kong Fahd fekk eit alvorleg slag i 1995 og var ute av stand til å utføra dei offisielle pliktene sine. Halvbroren hans, kronprins Abdullah bin Abdulaziz al-Saud, fungerte som regent i denne tida.