Faial

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Faial
Hamna i Horta
Hamna i Horta
Geografi
Faial-pos.png
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 38°35′07″N 28°43′00″WKoordinatar: 38°35′07″N 28°43′00″W
Øygruppe Asorane
Areal 173 km²
Høgaste punkt Cabeço Gordo (1043 moh.)
Administrasjon
Land Portugal
Autonom region Asorane
Største busetnad Horta (9563 innb.)
Demografi
Folketal 14785 (2003)
Folketettleik 85 /km²
Kart over Faial

Faial er ei portugisisk øy i Asorane. Ho har eit areal på 173 km². Den næraste øya er Pico i aust. Øya vert òg kalla Ilha Azul («den blå øya») av diktaren Raul Brandão på grunn av dei store mengdene hortensia som veks her om sommaren.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det opphavlege namnet på øya var Ilha da Ventura eller Insula de La Ventura og vart kanskje oppdaga av sjømannen Diogo de Silves, medan han tente kongen av Portugal, i 1427. I 1432 kom ei lita gruppe portugisiske nybyggjarar frå øya Terceira for å slå seg ned ved markene i Cedros i nord. Dronning Isabela av Burgund gav dei løyve til å slå seg ned her. Flamske nybyggjarar som hadde avtale med krona vart ført av adelsmannen Josse Van Huerter og kom til øya ved Praia de Almofariz (i dag Praia de Almoxarife) på austsida av øya. På grunn av mangel på ferskvatn flytta dei til føregåande dal, som i dag er kalla opp etter desse nybyggjarane (Flamengos). I følgje Henrik Sjøfararen var øya då kalla São Luís (Ilha de São Luís). Ved 1490 talde det flamske samfunnet om lag 1500 menneske. Flamlendarane slo seg saman med portugisisk nybyggjarar og danna til slutt Vila da Orta (seinare berre Horta). Ei stund seinare vart namnet på øya endra til Fayal på grunn av dei mange fayaltrea [Myrica faya Aiton] som voks her. Etter kvart økonomien på øya betra seg slo fleire portugiskske nybyggjarar seg ned og den flamske påverknaden forsvann raskt.

Nordkysten
Utsyn mot Pico
Vulkanen Capelinhos

Under den iberiske unionen mellom Portugal og Spania vart øya ofte angripe av britiske og franske sjørøvarar mellom 1589 og 1597. Raid frå greven av Cumberland (Sr. Walter Raleigh) og greven av Essex gjekk til åtak på den forsvarslause folkesetnaden dei same åra. Desse kaparane plyndra innbyggjarane og brende det som dei etterlet. For å verne seg mot fleire åtak bygde innbyggjarane på øya fleire festningar og på 1700-talet var det over 20 stykk. Vulkanen Cabeço Gordo hadde utbrot i 1672, noko som førte til at ein del flytta til Brasil, men økonomien vart likevel ikkje hardt råka.

Før den tid stoppa mange jesuittar i Horta på veg til og frå Brasil og Asia. Jesuittane bygde ein skule i Horta, og det same gjorde karmelittane og fransiskanarane. Eventyraren James Cook vitja òg øyane før han reiste vidare til Stillehavet på 1700-talet.

I 1876 starta arbeidet med å byggje eit kaianlegg i hamna til Horta. På grunn av hamna vart Horta etter kvart viktigare som ein stoppestad for trafikk over Atlanteren. I 1919 stoppa det første flyet som kryssa Atlanteren ved Horta. Pan American oppretta ein stasjon her for sjøflyet sitt, Boeing 314 (Clipper). I tillegg vart både britiske, amerikanske, franske, tyske og italienske kabelstasjonar bygd på øya for dei undersjøiske kablane som gjekk mellom Amerika og Europa. Under den andre verdskrigen var Horta ein viktig marinebase som verna den allierte flåten som tok del i invasjonen av Normandie.

Øya som var avhengig av kvalfangst og jordbruk var velståande fram til utbrotet til vulkanen Capelinhos i 1957. Samfunn nord og vest på øya vart hardt råka av utbrotet og jordbruksområda vart dekte av sand og oske. Dette førte til at 4000 innbyggjarar emigrerte til USA. I tillegg gjekk kvalfangstindustrien dårlegare på grunn av nyvinningar i den kjemiske sektoren og motstand frå dyrevernarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Faial er ein av dei sentrale øyane i Asorane (i lag med Pico, São Jorge, Graciosa og Terceira). Ho er femkanta og dekkjer om lag 172 km² (22 km lang frå aust til vest og 15 km på det breiaste). Faial er åslendt og det høgste fjellet, kalderaen Cabeço Gordo er 1043 meter over havet. Det indre krateret er 2 km breitt og 500 meter djupt. Den djupaste delen av kratert er fylt av ein innsjø.

Byen Horta ligg søraust på øya og er senteret på øya. Frå her har ein flott utsyn mot Pico og stundom São Jorge. Rundt byen ligg Ponte de Espalamaca, Monte da Guia og Monte Carneiro (begge restar av eldre vulkanar). Vegen 1-1A går rundt heile øya og knyter busetnader i nord og vest til dei sørlege områda av øya. Elvedalane langs denne vegen skil dei forskjellige samfunna frå kvarandre. Praia de Almoxarife og Pedro Miguel er to av busetnadane i dei austlege elvedalane. Så kjem Riberinha, ein elvedal mellom dei opphavlege tektoniske sprekken som forma øya. I nord er Salão og Cedros dei viktigaste jordbruksområda og her ligg dei eldste busetnadane på øya. Lenger nord vert klippene ved kysten brattare nær Praia do Norte. Her ligg Costa Brava på 320 moh med utsyn over kystlandsbyen Fajã. Den vulkanske svarte lavaen og den djupe vegetasjonen held fram til områda rundt Fajã da Praia do Norte og Norte Pequeno.

Som med resten av Asorane er øya av vulkansk opphav og ligg nær Atlanterhavsryggen, som skil Europa frå Amerika. Faktisk kan øya reknast som det vestlegaste punktet i Europa, sidan øyane i Asorane som ligg lenger vest ligg på den amerikanske jordskorpeplata. Midten av øya er dominert av Cabeço Gordo og kalderaen som høyrer til denne vulkanen. Fram til 1957 var øya sirkulær og målte 20 x 25 km. Det siste utbrotet skjedde nær Capelo 27. september 1957. Dette utbrotet skapte ei lita øy utanfor vestkysten. Vulkanen vart aktiv igjen 16. desember same året og varte til 12. mai 1958 og knytte den vesle øya til Faial. Dette gjorde øya 2,4 km² større og danna Ponte dos Capelinhos. Dette området vert i dag rekan som eit naturreservat og eit økologisk sensitivt område.

Faial har fleire gonger vorte råka av jordskjelv og seismisk aktivitet. Det største jordskjelvet skjedde i 1759-1760 rundt juletider. Eit anna kraftig jordskjelv skjedde i april 1926 nær Horta. 31. august same året skjedde eit nytt jordskjelv som tok livet av 8 menneske og øydela 220 heimar. Totalt vart 4138 bygningar øydelagd i skjelvet. I 1998 vart Asorane råka av eit jordskjelv som målte 5,6 på Richterskalaen. Åtte personar mista livet i dette skjelvet og 1700 personar vart heimlause.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Økonomien på Faial baserer seg på jordbruk og turisme. Den raske økonomiske veksten vart drive fram av den blåfarga planta som vart nytta til å produsere fargestoff.

Dei viktigaste jordbruksressursane på øya er potet, korn, frukt og vin, i tillegg til kveg (både mjølk og kjøt). Byen Horta er handelssenteret på øya.

I 1960-åra vart det opna ein flyplass og turistar byrja å strøyme til øya. Etter at Portugal vart medlem av EU auka levestandarden raskt og i dag er innbyggjarane generelt velståande.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Faial har 14 785 innbyggjarar i 2004. Den einaste byen på øya er Horta med 9563 innbyggjarar. Her finn ein ei hamn og ein marina.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire festivalar på Faial, dei viktigaste om sommaren. Den mest populære er Espírito Santo-festivalane som vert halde rundt om på øya mellom Kristi himmelfartsdag og august. Apostelen Johannes er vernehelgenen til Horta.

Øya, som andre azoriske øyar, produserer ostar og andre mjølkeprodukt, i tillegg til kjøt og har ein rik matkultur, som òg inkluderer lokal sjømat.

Figurar laga av kvaltennner er ein tradisjonell handverkstradisjon på Asorane. Sidan kvalfangst i dag ikkje lenger er lov i Portugal kan derimot denne typen handverk vere veldig dyrt, sida kvaltennene er vanskeleg å få tak i.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Faial