Fair Head

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fair Head sett frå Ballycastle

Fair Head er eit nes nordaust i Nord-Irland, i County Antrim. Det ligg 5 km aust for Ballycastle og er den delen av fastlandet som er nærmast Rathlin Island. Klippene her er ein ynda stad for fjellklatrarar og er kanskje den høgaste klippen som kan klatrast på Dei britiske øyane.

Klippene på Fair Head stig 196 meter over havet. Ein kan sjå villgeit mellom steinane under klippetoppen, der det går ein sti kalla The Grey Man's Path langs den taggete kystlinja. Frå vegen kan ein sjå ei kunstig øy eller crannóg frå jernalderen i innsjøen Lough na Cranagh. Det meste av neset er ein del av ei naturvernssone (National Trust).

I følgje segna skal Fair Head ha fått namnet sitt etter ei vakker jente som ein gong budde i slottet på Rathlin Island. Ho hadde mange beilarar, noko som førte til slåsskamp mellom to av dei. Ein av dei vart dødeleg skada, og like før han døydde kviskra han til ein av tenarane sine at han måtte danse med jenta på klippene nedanfor borga. Tenaren gjorde som han sa og dansa med jenta, nærmare og nærmare stupet før begge fall utfor og omkom. Staden på fastlandet der liket av jenta dreiv i land vart så kalla ‘Fairhead’. Det er derimot meir truleg at namnet (på irsk, Beinn Bhán, «kvitt nes») går tilbake til mellomalderen og viser til dei kvite kalksteinsklippene på austsida av neset.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]