Fair Isle
| Fair Isle | |
|---|---|
North Haven aust på Fair Isle. Foto: Dave Wheeler |
|
| Geografi | |
| Stad | Atlanterhavet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Øygruppe | Shetlandsøyane |
| Areal | 5,61 km² |
| Høgaste punkt | Ward Hill (217 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | Skottland |
| Demografi | |
| Folketal | 69 (2001) |
| Folketettleik | 12,3 /km² |
Fair Isle (av norrønt Frjóey) er øy som ligg om lag halvvegs mellom Shetland og Orknøyane. Ho er 4,8 km lang og 2,4 km brei og har eit areal på 5,61 km². Øya ligg om lag 40 km sørvestom Sumburgh Head på Shetland Mainland. Sjølv om Fair Isle ligg litt nærare North Ronaldsay på Orknøyane høyrer ho administrativt inn under Shetland.
Dei fleste av dei om lag 70 innbyggjarane bur på småbruk (såkalla crofts) på den søre delen av øya, medan den nordre delen av øya er dekt av steinete lyngheier. Den vestre kysten er bratt med klipper som kan vere opp til 200 meter høge. Folketalet har gått jamt nedover frå om lag 400 rundt 1900. Ungane på Fair Isle får gå barneskulen heime på øya, men når dei skal ta til i ungdomsskulen må dei reise til Lerwick og gå på internatskule der. Fair Isle vantar restaurant og pub.
Fair Isle har vore busett sidan bronsealderen og grunnlaget for busetnaden har vore det rike fisket i farvatna rundt. Mykje fugl er innom øya i flyttsesongane og ho huser eit permanent fugleobservatorium der ornitologar studerer fuglelivet. Mange sjeldne fugleartar har vorte funne på øya, og Fair Isle er truleg den beste plassen i Vest-Europa om ein vil sjå sky fuglar som tundrapiplerke, stripesongar og starrsongar.
Øya vart kjøpt av National Trust for Scotland i 1954. Seljaren var George Waterson, grunnleggjaren av fugleobservatoriet.
Fair Isle er kjend for strikkegenserane som vert laga på øya. Denne produksjonen er ei viktig inntektskjelde for kvinnene på øya.
Sidan 1982 har to tredelar av energien dei brukar på øya kome frå vindturbinar, medan resten kjem frå eit dieselaggregat.
På Ward Hill vart det under andre verdskrigen hastig sett opp ein radarstasjon av RAF. Ruinane kan enno sjåast. Ved staden ligg også restane etter eit styrta Heinkel He 111-fly.
20. august 1588 forliste flaggskipet til den spanske armadaen, «El Gran Grifón» i vika Stroms Heelor, noko som tvinga dei 300 sjømennene frå skuta til å bu hjå innbyggjarane på øya i seks veker. Skipsvraket vart funne att i 1970.
[endre] Transport
- Frå Fair Isle Airport går det fly til Lerwick.
- Postbåten «Good Shepherd IV» går mellom Fair Isle og Grutness på Shetland Mainland.
- Loganair har gjort det kjend at dei skal setje i gong ei flyrute mellom Kirkwall og Fair Isle med mellomstopp på North Ronaldsay. Ruta skal ha avgangar to gonger i veka og skal startast opp 25. mai og vere i trafikk til 7. oktober 2007 i fyrste omgong.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Fair Isle» henta frå Wikipedia på engelsk 14. mai 2007.
|
|
||
|---|---|---|
| Busette øyar | Mainland · Bressay · East Burra · Fair Isle · Fetlar · Foula · Muckle Roe · North Isles · Out Skerries · Papa Stour · Trondra · Unst · Vaila · West Burra · Whalsay · Yell | |
| Andre øyar | Balta · Bigga · Brother Isle · Colsay · Hascosay · Hildasay · Lamba · Linga ved Muckle Roe · Linga ved Yell · Mousa · Noss · Oxna · Papa · Papa Little · Samphrey · South Havra · Uyea ved Northmavine · Uyea ved Unst · Vementry · West Linga · Øyar i Shetlandsøyane | |
| Byar og landsbyar | Lerwick · Aith · Baltasound · Brae · Grutness · Gutcher · Haroldswick · Mossbank · Scalloway · Symbister · Toft · Ulsta · Uyeasound · Vidlin · Walls | |
| Sjøområde | Balta Sound · Bluemull Sound · Burra Voe · Busta Voe · Sullom Voe · West Voe of Sumburgh · Yell Sound | |
| Geografiske ytterpunkt (N,S,A,V) | Out Stack · The Skerry, utafor Fair Isle · Bound Skerry · Waster Hoevda, Foula | |