Fairchild Beach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 53°4′S 73°39′E
Fairchild Beach
strand
Land Flag of Australia.svg Australia
stad Heardøya
 - koordinatar 53°4′S 73°39′E
Fairchild Beach is located in Antarktis
Fairchild Beach (Antarktis)

Fairchild Beach er ei sandstrand, 500 meter brei og 2 km lang, frå foten av Round Hill og nordover til sørsida av Comptonbreen, på austsida av Heardøya i det sørlege Indiahavet.[1] Stranda ligg ved Compton Lagoon og grensar i vest til Gilchrist Beach. Sør for Fairchild Beach ligg Brownbreen, som endar ved Brown Lagoon.

Namnet «Fairchild's Beach» var i bruk av amerikanske selfangarar så tidleg som 1857, men opphavet til namnet er ikkje kjend.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Fairchild Beach» (innhald frå Geographic Names Information System).